fredag, februar 03, 2017

På vårleg besøk i gamlahuset



Tredje februar, tjuesytten. Og i dag var det ni grader ute! Heile tolv grader i Bergen.
Både fint og trist på ein gong, fint fordi eg lengtar etter vår og blomar. Trist fordi
eg lurar på kva som skjer i vèret om dagen. Kor er vinteren hen? Eg fekk
meg no uansett ein liten tur innom gamlahuset i dag. Og måtte ned i den 
ugrasrike hagen for å speide etter vårteikn. Og snøklokkene var kome
ut, i alle fall ein del! Klosterklokker såg eg ingen av, heller ikkje krokusar. 
Men det ser eg fram til! 


Nokre stader sto laukane høgt i jorda og eg valte å ta med meg nokre i ei
potte heim til Sæterbø. For her er det ikkje nokon snøklokker, det trengs! 


Eg hadde meg ein tur på lemen etter gammalt. Det er rart med det, eg har no budd i
gamlahuset i fire år før eg flytta. Allikevel finn eg mykje rart. Og det skal eg gjere 
vidare også. For nordre lemen har mange esker med mykje rart. Og dei skal få
vere der vidare, og så kan eg kikke oppi av og til. Her er eit avisutklipp som
kanskje bestefar har spart på. 0,5 liter bensin på mila høyres lokkande ut! Eg 
køyrer for tida ein bil som sluker diesel! Og tøff var den også,  til og med
tøffare enn blåbilen min! Lurar på om dei kjøpte seg ein slik. 


Bestefar sitt førarkort. Enkelt og greit førarkort, med bilete og stempel.
Lite anna gitt. Og ei alvorleg mine på bestefar, ein mann som eg kjenner
att som smilande på gamle bilete, til tross for at eg aldri fekk møte han. 
Stasleg kar! 


Og nokre skattar som fekk vere med heim, og som fekk vere att i eskene. Ein almanakk
frå 1919 gitt! Nesten hundre år gammal. To linjalar som har tilhøyrt far, han har skrive
namnet sitt på begge to, og teikna inn greiner på den i tre. Den andre linjalen er
i både plast og metall og kan bøyast. Snodig sak. Skikkeleg sterk nylontråd på ei gammal
snelle fann eg også. Den kan eg no plutseleg ha bruk for. Og eit kart frå 1966. Midt-Norge. 
Har dei vore på tur her kanskje? Kjekt å finne slike ting og tenke på kva dei
har gjort på før i tida. 

3 kommentarer:

  1. Det er veldig artig å finne sånne ting, heldigvis er det ingen som har kasta det før du kom. (",)

    SvarSlett
  2. Heldig du. I gamlahuset vårt hadde mor rydda og kasta alt.
    Hu hadde nok tenkt seg om i dag, men på 70-tallet hadde det ingen verdi :-(

    SvarSlett
    Svar
    1. Her er verdifulle ting fordelt i arven, og "skrotet" ligg att. Men heldigvis likar eg skrot :-) Synd at mor di kasta, det var ofte slik før.

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!