fredag, februar 03, 2017

Skikkelege heimalaga (kortreiste og langreiste) chips!



Dette har eg tenkt eg skulle gjere ein gong. Og står på den uskrivne 
lista mi over ting eg skal gjere, SKAL gjere, ein gong i livet. Det som 
er fint er at eg får fingen ut og gjer ein del ting no, i alle fall i matvegen! 
Så i kveld fekk eg plutseleg for meg at eg skulle lage chips. Eg hadde gode
fitjarpoteter, jau, Fitjar er kjend for potetene sine. Og eg hadde søtpotet, den
langreiste, og kraftig gulrot frå torget. Heldigvis eig eg også ein mandolin,
som kuttar opp i syltynne skiver. Og i dag kutta eg heller ikkje opp nokre
fingrar. Eg kutta altså opp alle tre i tynne skiver, hadde på litt fint salt og 
så vatn i ei bolle. Lot det stå i vatn ei lita stund før eg silte av, skylte og
la skivene på eit handkle og fekk pressa ut ein del fukt med eit anna
handkle over. Grunnen til at ein gjer lurt i å ha dei i vatn fyrst er at ein
får ut ein del av stivelsen. Og fukten også faktisk. 


Eg hadde frityrolje, som er ein kombinasjon av raps- og solsikkeolje som tåler
høg temperatur, i ei jerngryte. Den varma eg opp til 150 grader og hadde så oppi
ein del av skivene. No kjem det litt putlete. Temperaturen synk ganske fort og det
er no det er viktig å justere temperetaturen slik at den kjem seg opp att til 150 
grader, men helst ikkje køyrer seg enda varmare enn det. For ein vil jo ikkje ha
svidde chips heller. Eller full brann på kjøkenet, som eg som regel er veldig
redd for når eg frityrsteiker ein sjeldan gong. Som du også ser av bilete har eg
loket til gryta lett parat, i tilfelle det skulle begynne å brenne. Det gjer i alle fall
at eg er tryggare i kokkeleringa mi! Det tek rundt 5-6 minutt før chipsa byrjar 
å bli klare til å tas ut. Fyrste runden min vart mørke, men ikkje brende. Det er 
nemlig litt vanskeleg å sjå kor tid dei er ferdige, for dei er lysare i gryta
enn når du tek dei ut. Så prøv deg litt fram. Kanskje 7-8 minutt passar dine chips. 
Når chipsa var ferdige tok eg dei ut med ei holsleiv og la dei på eit bakebrett 
kledt med tørkepapir. Og så dryssa eg godt salt på. Når dei hadde tørka 
så tok eg dei oppi ei skål og var klar med ny runde i gryta. 


Bittelitt olje att på nokre av desse chips, eg vart så gira av 
resultatet så eg sprang ut i stova for å ta bilete. Søtpotetchipsa
vart oransje og fine, og gulrotdhipsa vart små og søte. Og potetchipsa
såg nesten ut som sørlandschips! Dette vart suksess i Sæterbøstova
gitt! Og jommen skal dette gjerast fleire gonger! 

3 kommentarer:

  1. "Ser ut som kjøp", som vi sier når noe blir så proft at vi knapt kan tro det. (",) Artig at arbeidet betaler seg med god smak.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette var gøy! Litt prøving og feiling på dette området her også. Men sparte meg heldigvis for skikkeleg brente chips! Du må prøve det du også Maria:-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!