søndag, februar 26, 2017

Ut på tur med kamera på lur



Det vert til tider ein del dyrebilete på denne bloggen. Fordi fine dyr er ein 
 viktig del av mitt liv. Og akkurat no er eg så fascinert av desse angusane eg. 
Så utruleg flotte dyr. Både kalvar og kyr, nysgjerrige fjorårskalvar og kraftige
oksar. Kalvane held seg litt på avstand og er ikkje så lett å få teke bilete av
alltid. Denne gongen på tur hadde eg med Buster og då var dei i alle
fall på avstand, men fjorårskalvane syns dette var svært interessant og 
kom så nære at eg vart sleika i ansiktet. 



Så svarte at det glir inn i blått eller grønt. 


Ei kolsvart ku i solnedgong. 


Så nydeleg med sola på veg ned og det lette lyset som 
kjem innover beitet. 


Nysgjerrige ungdomar. 


Og ei tunge i aktivitet! 


Svart i blått. Fine dyr. 

2 kommentarer:

  1. Fine kalver. En stund siden jeg har fått tatt meg en bloggrunde, blir så glad når jeg er innom deg. Du har kommet så utrolig på rett plass, heldig bonde som har fått deg i hus. Ellers må jeg le av musehistoria, vi har hatt det litt slik de siste ukene. Mus er vi vant til men denne uka forvilla noen halvstore musebarn seg inn på kjøkkenet. For å si det sånn kattene synes det var storartet å få levende mat servert innendørs for en gang skyld!! God søndag til deg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg håpar eg har kome på rett plass! Håpar det vert enda meir kjekke gardsbilete framover! Har mest lyst til å skaffe meg fleire dyr her, får nett sjå kva tida vil bringe!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!