søndag, mars 12, 2017

BACON


Som Maria etterspurte så kjem eit innlegg om bacon. 
Slaktar ein gris så er det ein sjølvsagt ting å lage. For å seie det slik så
har det vore vanskeleg for meg å kjøpe bacon etter eg laga mitt eige. 
Stort sett alt bacon der ute er juks og fanteri, berre fylt opp med
røykaroma. Ein får heldigvis tak i tørrsalta bacon utan tilsett vatn
og røykt på skikkeleg måte, og det er dei eg har kjøpt når eg ein sjeldan
gong har kjøpt bacon. Og eg oppmodar alle som har lyst til å prøve seg til
å lage sitt heilt eige bacon. Ribbe får ein tak i til jul, kanskje også andre
tider også om ein spør seg om. Og røykovn kjenner ein kanskje nokon som
har. Og då har ein godt bacon i lang tid framover. 

Førre gong eg laga bacon leste eg meg opp litt her og der. Og denne gongen
som sist gong var eg inne hos Far min sitt kjøken og fekk gode tips. Kikk gjerne innom
der for å lære litt meir om heile prosessen. Framgongs-
måten derifrå vart fulgt denne gongen. Eg beina ut ribbene og blanda til ei blanding 
av finsalt og sukker. 30 gram finsalt og 10 gram sukker per kilo ribbe. Eg fordelte 
dette godt utover begge ribbene og la også mykje grovt havsalt mellom og oppå
då eg plasserte ribbene i ein balje. 


Me gjorde det same også med nakkekottelettene som skal bli
til gode sommarkoteletter. Deretter sto baljen kjøleg i 2 døger
før ribbene vart skylte godt og låg til utvatning i to timar. 


Det er viktig at sidene er tørre og fine før røyking så
dei hang kjøleg i nokre døger før røykinga. 


Me har ein ven som eig ein grei røykeovn. Han har mykje kunnskap rundt dette
og var veldig snill som røykte både
koteletter og bacon for oss. Ekte kaldrøyking vart det. Baconet
vart røykt i 3-4 timar og så hengt tørt og varmt for å tørke seg vidare. 


Og med eitt var huset gjort om til ein røykovn etter lukta å merke. 
Flott bacon med mørk farge utanpå, og raudleg fin inni. 


 Så var det berre å dele opp og vakuumere. Driv ein med kjøt er det ikkje
dumt å ha ein slik maskin. Og baconet held seg lenge i frysen. 
Då var me sjølvberga på dette også. 


4 kommentarer:

  1. Så flott at du tar deg tid til å levere bestillingsverk. (",)
    Jeg har ingen problemer med å tro det på at bacon man lager sjøl trumfer kjøp-bacon i alle sammenhenger. Det ser veldig fristende ut, med akkurat sånn fordeling mellom fett og kjøtt som jeg foretrekker. Man burde kanskje skaffa seg en røykeovn, for det nytter vel ikke med en sånn liten "bordvariant" til fisk her.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er greie røykovnar å få tak i. Denne veggvarianten verka veldig enkel og grei. Noko anna du bestiller Maria ;-)

      Slett
  2. Åhhr, bacon altså.
    Kan være at jeg må fyre opp i eldhuset snart..
    Gode tips her og kjekt at de er utprøvd og kvalitetssikret

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, eldhus hadde vore kjekt å ha! Håpar det vert bacon på deg også etterkvart! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!