lørdag, mars 25, 2017

Bjørkesøtt


Så var sirupssesongen i gong att! I fjor på denne tida hadde
eg for lengst starta opp med tapping av bjørkesaft. Så eg fann fram
sag og tau og saks og sette i veg opp i hadla på Eskeland. Det
har ikkje vore så varmt i mars i år så det var kanskje litt tidleg,
men det var no kjekt å i alle fall forsøke!



Då eg saga av ei grein dropla det seint ned i flaska. Men som vanleg
lot eg flaskene henge til dagen derpå og vart overraska då det faktisk 
hadde kome ein del i begge flaskene. 


Det vart til saman rundt ein liter, men ein liter er mykje meir enn
ingenting og måtte sjølvsagt kokast ned. Eg klarte i fjor å lage
rein bjørkesirup, som til tross for fleire liter bjørkesaft berre vart
nokre spiseskeier med sirup. Den åt eg på pannekaker. Men faktisk så
vart ikkje søtsmaken heilt i mi gate. Eg elskar rett og slett lønnesirup, 
men ein rein bjørkesirup har smak av xylitol, som for meg med altfor godt
vant sukkertunge vil smake som "kunstig" sukker. Rart med det. 
Så difor valte eg denne gongen å jukse litt. Fyrst koke ned bjørkesafta
til halv mengde og så ha oppi ein desiliter med sukker. Eg nytta
økologisk lyst rørsukker som eg hadde ståande. Etterkvart som eg 
koka den inn på svak varme tjukna den litt til. 


For biletet sin del vart dette vesle vaffelhjarta nesten drukna i sirup! 
Sirupen vart som vanleg veldig søt, men hadde veldig fin smak
syns eg! Ein juksebjørkesirup vart det altså, og det skal eg nok
lage fleire gongar! Det får bli ei lita stund til neste tapping,
det er framleis litt tidleg. Ein kan tappe fram til blada vert små
museøyrer på bjørketrea, og det er nok ei lita stund til enda. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!