torsdag, mars 09, 2017

Ein tur heim


Ein tur heim. 
Det har vore vanskeleg å flytte frå denne staden. Men no
kjennes det betre, og det kjennes godt ut å ta seg ein tur
i ny og ne. Vere åleine, fyre opp, drikke kaffi, putle på. 
Og særleg denne tida her er det fint å vere her. Når sola
står opp om morgonen og byrjar å lyse opp tunet med sitt 
skarpe lys. Hønsehuset sine grå veggar vert gulbrune. 
Dette var i går tidleg og det er rart å tenke på at då
eg kom heim frå jobb så var tunet dekka av 15-20 cm våt snø.



Det er så fint på Eskeland i sola. 


Og asketrea strekk seg nakne med sine tynne greiner mot himmelen.
Gamleløa er rustraud i sola. 


Tur med Busten, kome heim over haugane. Sjå utover. 


Sola går alltid mykje tidlegare på tunet, det står att i skuggen. 




Ein kopp krutsterk kaffi som det ryk av, for i huset er det ofte kaldt og kaffien
kjølnar fort. 


Eg fyrer opp og det går mykje ved. 


Og tende lys i gamle lysestakar. Så koseleg. 
Nei, godt på heime på Eskeland, og godt å kome attende
til heimen på Sæterbø. 

1 kommentar:

  1. Så mye kjærlighet mellom linjene og i bildene, eg ser fjella i ryfylke i horisonten

    Fin årstid me går inn i nå, håper våren kommer snart!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!