lørdag, mars 18, 2017

Energibitar



Såkalla granolabars har eg prøvd meg på nokre gongar. 
Men det har blitt altfor søtt og rett og slett ete opp som
godteri. Hin dagen såg eg ei av oppskriftene til Lise 
Finckenhagen og vart inspirert. Kunsten er å nytte tørka
frukt som både lim og søtning, og så sjølvsagt litt herleg
sjokolade på toppen då. Småsunt snop kan ein vel kalle dette. 
Sunnare enn å ete ein rein sjokoladebit i alle fall,
og energi gir dei i alle fall! Eg nytta min heimalaga
frukostblanding i oppskrifta, men du kan også berre
bruke ferdigkjøpt musli, eller blande nøtter, frø og havregryn. 

Energibitar

5 tørka fiken
8 tørka dadlar utan stein
1 ss lønnesirup/honning
4-5 dl granola/musliblanding
100 g sjokolade
1 ts kokosolje/smør

Kjør fiken og dadlar til ei mjuk og sleip masse i ein foodprosessor. 
Ha oppi sirup eller honning og bland litt til. Hell så oppi
granola/musliblanding eller det du vil av havregryn, nøtter og
frø og kjør til ei nesten jevn masse slik at alt har blanda seg 
godt. Ha dette i ei bakepapirkledd form og trykk det fint utover
med ein sleikepott. Smelt sjokolade og kokosolje/smør over vannbad
og smør utover massen. Set kjølig til sjokoladen stivnar. Del opp i
passelege bitar og ha bitane i ein boks i kjøleskapet. Ta ein liten
bit når du føler for noko søtt eller er i farten! 

1 kommentar:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!