torsdag, mars 09, 2017

Krefter av kraft




Etter partering av grisen sat me att med litt bein. Eg tenkte eg skulle
prøve meg på litt god kraft. Joda, kraft har eg laga før. Kokt
i nokre timar og hatt god kjøtkraft til supper og anna. Men denne gongen
hadde eg lyst til å lage skikkeleg kraft. Altså få med meg alt av 
gode næringsstoff i beina. Eg leste meg opp litt på kraft fyrst, blant
anna her. Eg samla alt av bein i
ei stor panne og fylte fylte heilt opp med kaldt vatn. Deretter varma eg
forsiktig opp panna og følgte nøye med på temperaturen. 
Målet var at temperaturen skulle ligge rundt 90 grader, altså
under kokepunktet. Og slik skulle den stå i eit heilt døger. Den sto altså
på lågaste temperatur på komfyren og det var ingen problem å la den
stå over natta. 

Når ein kokar kraft over så lang tid får ein ut mange viktige næringstoff
og mineralar. Ei god kraft kan vere godt for både musklar og ledd og fordøyelse
samt at hud, hår og negler kan få sår pleie også seier desse som kan si kraft. 
Proteinet kollagen som er i bein, brusk, ledd og senar løyser seg opp og gjer seg
om til gelantin som gjer at krafta vert geleaktig som kald. Feittet legg seg også
fint på toppen i staden for å blande seg inn i krafta. 

Etter å ha stått eit døger så silte eg av krafta og helte den oppi reine
glas samt nokre isbitposar. Ei spiseskei havna også oppi couscousen
eg held på å lage og den vart realt god! Isbitar av kraft er nyttig å ha
i frysen om ein berre vil ha litt ekstra næring i noko evnt ha mindre mengder
kraft i ein saus til dømes. Så kjøla eg den ned og sette alt i frysaren. 
Det hang litt kjøt att på nokre bein og det plukka eg av. Dette må ha
vore det møraste kjøtet eg nokon sinne har vore borti. Litt kjøt havna
oppå ei brødskive til kvelds og resten gjekk i frysen til ei gryte. 
Og Busteren fekk seg eit lite bein til stor glede for nokre dagar. 

Kjekt å kunne nytte heile dyret og så kjekt å lære enda meir av det gode
i maten vår! 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!