søndag, mars 26, 2017

Laurdagsgodt


I går baka eg ei utruleg god kake. Som eg definitivt kjem til å bake
på ny! Den vart baka til laurdagsgodt og oppfylte absolutt den
oppgåva, både for store og små. For den inneheld sjokolade og karamell.
 Samtidig inneheld den havre som gir litt meir konsistens og 
enda meir saftigare spør du meg. Oppskrifta vart inspirert av ei 
"blondiesoppskrift" frå bollefrua.no, altså ei browniesoppskrift utan kakao. 
 Lyst til å prøve? 

Havrekake med Dumle

115 g smør
1 dl brunt sukker
2 egg
2 dl kvitt sukker
4 dl sikta kveite
1 dl havremjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 -3 klyper godt salt
ca 20 dumlesjokoladar

Visp mjukt smør og sukker godt saman. Tilsett eitt egg
om gongen og bland godt inn i deigen. Tilsett mjøl, bakepulver
og vaniljesukker og bland til ei jevn røre. Den vert litt tjukk. Ha 
røra i ei rund eller firkanta form, eg nytta ca 20x25 cm stor form.
Del opp alle sjokoladane i to og trykk ned ein og ein i røra. 
Steik kaka på i om lag 30 minutt på 175 grader. Den vert lett gyllen
på toppen. Steiker du den kortare vert den meir rå à la brownies inni,
men karamellen gjer uansett at den vert saftig og litt seig inni. 
Kjøl ned og nyt! 

1 kommentar:

  1. Havregryn er godt, og dumle er definitivt godt, så her er det vel i grunnen ikke mer å tenke på enn å bake? (",)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!