lørdag, mars 18, 2017

Saftige rundstykker




Eg har baka med gjær! Det gjer eg svært sjeldan no. Men i går
fekk eg plutseleg lyst til å lage rundstykker. Og akkurat det er mykje
enklare med gjær enn med surdeig. Eigentleg ville eg lage gulrot-
rundstykker, men så fann eg fram ei stor søtpotet i staden. 
Så sjølvdikta og sjølvutprøvd oppskrift, med saftige og gode
rundstykker, både nybakte og dagen derpå, her kjem dei:

Saftige søtpotetrundstykker

300g sammalt fin kveite
200g sammalt fin spelt
700g sikta kveite eller spelt
100g solsikkefrø
7dl mjølk
100 g smør
25 g gjær
4-5 g salt
1 ss lønnesirup eller sukker
ca 3-400g raspa søtpotet

Skrell søtpoteta og rasp ho på rivjern. Bland i mjøl, solsikkefrø og 
salt. Smelt smøret i ei panne og ha oppi mjølka. Bland i 
gjæren og sirup/sukker. Bland deigen godt saman, vert han 
for tørr så tilsett litt meir mjølk. Dekk deigen med plast og la
den kvile på kjøkenbenken i om lag to timar. Ta så deigen ut
på benken og del opp i emner til å forme rundstykker med. 
Deigen er litt grovare så det er ikkje så viktig å forme runde
og fine rundstykker. Eg fekk om lag 24 stk men dette kjem an
på kor store du vil lage. Dekk dei til med plast att og la dei
heve i om lag ein time. Set omnen på 220 grader, pensle med
egg eller mjølk og steik rundstykka i 10-15 minutt, 
til dei er gyldne. Avkjøl på rist og la gjerne eit kjøkenhandkle
ligge over. 


2 kommentarer:

  1. Nydelig bilde, fikk så lyst på brød med jordbærsyltetøy!

    SvarSlett
  2. Alltid kreativ og inspirerende, du. Både her og på Instagram. Blir glad av å følge deg og ditt! :-) Nå tror jeg jammen jeg skal bake søtpotetboller jeg også.
    Mvh Margrethe

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!