torsdag, mars 30, 2017

Tid for hage


I fjor var året med forvirring med ein heim her og ein komande
heim der og pendling fram og attende. Og små forsøk på å stelle 
hagen på Eskeland samtidig som eg ville prøve å ordne litt i "hagen"
på Sæterbø. Og ingenting gjekk vel som håpa. Hageskammen kom
over meg, den der skammen frå familiens grøne hender som set det 
så høgt at hagen skal vere stelt og bugnande flott og mine eigne
forventningar til at det burde vel eg også klare. Akkurat no er det
ikkje noko stell med hagen på Eskeland, og eg innser at det kjem det
nok heller ikkje til å vere. For det krever så mykje, både tid og energi
og pengar å stelle og ordne ei blanding av jungel og stashage som hagen
der har vore og er. Heldigvis for nokre buskar eg har planta der, som fine
magnoliar som står framfor huset, og for alle løkane eg har sett og som
fins der frå før. 

Og så var det Sæterbø då. Eit relativt nytt hus, men ganske utdatert i
interiøret inni og mykje å freshe opp innvendig for at eg, som
ein innimellom fargeklatt, kan trivast. Og utsida då. Eg som er vant
med tunet mitt, med eigentleg ganske enkle kår men enkelt å gjere
det koseleg. Her, på Sæterbø, er det framleis litt byggeplass. 
For nokre år sidan laga bonden ein plen framfor huset 
og sette opp drivhus. Rett nedanfor ligg både stein og greiner 
og siloballar og anna gardsleg. Og på plenen er det også septiktank.
Rundt huset elles er det heller ikkje stelt.
I fjor henta eg med litt hjelp nokre pallekarmar og 
gamle traktordekk til planting av grønsaker,
men det stoppa opp der. Me fekk i alle fall
nokre grønsaker i drivhuset. I år har me fått flytta dei og byrja å 
fylle dei med jord i alle fall! Og fått renska drivhuset og gjort
det klart for ny runde. Og sidan det er vårleg ute byrjar tankane
å svirre om kva eg skal gjere for å kose opp hagen. Markere
hageområdet og kanskje avgrense til denne
septiktanken. Og la det bli eit område som ein kan trivast
i, vårdag, sommardag, haustdag.  Det fins også nokre enkle
"steinbed" her, eller fjellknausbed som eg også kan kalle det,
 med lite innhald i. Og der er det sjølvsagt tørt og raudleg jord. 
Og så var det trikset å få orden på nokre bed, og elles i hagen,
på min måte, utan å måtte blakke meg heilt på hagesenteret.
 Er det nokon som har gode råd å komme med så tek eg gjerne imot!
 Og eg er, førebels ikkje i alle fall, absolutt ikkje som mi mor og andre flinke
eg har hatt i mi slekt, som brukar og har brukt nesten all tid
med luking og stell og planting og anna, eg har jo så mange andre prosjekt
og turar som skal gås og kaffikoppar som skal nytast. 
Hageskam, gå vekk med deg, og klapp på skuldera for dei tinga eg 
får til! yeah!

6 kommentarer:

  1. Eg elskar måten du tenkjer på!! Berre ver deg sjølv også ute i hagen! ❤

    SvarSlett
  2. Gjør det på din måte! Eg hadde og mål av meg etter å få hagen like fin som mor sin, men hu var hjemmeværende og eg var i full jobb, det gjekk ikkje. Eg planter i potter og ikkje i bed. Og det blir kos nok. Når det gjelde avskjerming så såg eg Tid for hage på TV2, der var det gode tips om bjørkestammer
    Lykke til med å gjør hagen Ingvilsk! Det blir så koselig då atte

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Bjørkestammer er med i idesamlinga mi :-) Og trur potter er lurare enn bed ja, for ei som ikkje vil ut og luke kvar dag! Takk for fin melding:-)

      Slett
  3. Hageskam - det var et nytt ord. (",) Jeg har også ei mor som sår og prikler og planter til den store gullmedaljen hvert år, og stortrives med det. Jeg er bare ikke typen. Jeg vil gjerne ha resultatet, men er ikke villig til å ofre all tida til formålet, og da ender det jo som det må. Jeg satser på å klippe plenen med jevne mellomrom, og ellers planter jeg helst i krukker jeg også. Innimellom hender det at jeg husker å vanne dem også. Av grønnsaker har jeg ingen - med mindre vi skal regne inn rabarbra. Og så tror jeg at jeg har litt gressløk. Heldigvis er det sånn med denne "konkurransen" som med alle andre - man må melde seg på dersom man skal komme på resultatlista. Og jeg er ikke påmeldt. (",) Det er deilig å komme dithen i alder og erfaring at man innser at man kan legge lista sjøl, akkurat der den må ligge for at man skal greie å gå over (om man liker å hoppe) eller under (om man foretrekker limbo).

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for så fin melding! Eg trur eg ligg midt i mellom ein stad eg. Eg har lyst til å ha flott hage, ikkje strigla og perfekt (som nokre har), og til tider får eg ånda over meg. Men alt i alt skjønar eg vel kanskje at det ikkje går i praksis, kanskje ikkje no. For hage er jo heile-tidasarbeid. Har nok kjent på forventningar etter at eg flytta inn i gamlehuset, både mine og andres, og har vel innfridd dei til noko grad, og det er vel der hageskammen kjem inn når eg ikkje innfrir lenger. På Sæterbø er planen å forme hagen på eit vis, styre på med nokre grønsaker som eg syns er gøy og plante nokre blomar. Og så får eventuelle bed kome med tida. Bed er nesten verste sort syns eg, då krev det jo så mykje. Så når det først er bed på plass så må ein finne på noko lurt gitt. Har lukka att bed før, det var ikkje så dumt!
      Nei, mykje tankar og filosofering her i garden! God hagepottetid til deg! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!