lørdag, mars 25, 2017

Yogaglad


Lenge leve galskapen! Jau, for dette putlar eg på med for 
tida. Eg har hatt nokre års pause frå yoga, berre gjort nokre
stillingar i ny og ne. Og etter jul starta eg opp med yoga
på Fitjar Treningssenter med ei flink yogalærarjente. Og då
vart eg hekta att. Førre gong eg trente yoga var eg rett og 
slett redd for å stå på hovudet. Eg kvidde meg til me skulle
gjere det i yogaklassen og håpa alltid me snart skulle gå
vidare til neste yogastilling. Eg klarte til slutt å kome meg
halvvegs opp men turte ikkje lenger, redd for å miste balansen.
Dette trur eg mange som trener yoga har kjent på. For det er 
ikkje den fyrste stillinga ein set i gong med i yogaen.


Det vart intens trening heime på stovegolvet og 
faktisk utan vegg bak som tryggleik. Og etterkvart
klarte eg det. Det ga eit skikkeleg kick! Ein må
vere fokusert, ha balanse og vere sterk for å klare
dette kontrollert. Ein står ikkje direkte på hovudet,
men vekta går på armar og skuldre. 


Eg har til tider slitt med mykje spenningar i nakke og
skuldre. Som nokre dagar gir tung hovudverk. Men faktisk etter
at eg starta denne treninga mi har eg blitt tydeleg sterkare både 
i skuldre og nakke. Og eg har kjent meg sterkare generelt og har hatt
tydeleg mindre vondt. Dette er eg utruleg glad for! 
Eg har faktisk tidlegare på denne bloggen også lagt ut
bilete av yogapositurar på fjell rundt om Og dette har eg kasta meg
utpå no også. Det er skikkeleg gøy!



Når ein klarar å stå rett opp og halde balansen så kan ein 
prøve seg med ulike variantar. Som å ta beina bak, rette
dei ut, ta dei ned til 90 grader og gjere vridningar. Og å
til dømes gjere dette i fine solnegongar er ekstra gøy. 


Det neste på lista er å kunne stå på overarmar og stå
på hender utan støtte. Det krever enda meir styrke og 
balanse og er eit kjekt mål å arbeide mot. På dette bilete ser
det kanskje ut som eg klarer det utan problem, men eg har
akkurat hatt beina i veggen og klarer å stå utan støtte i nokre 
få sekundar. Det er fleire variasjonar her også, men dei får
eg kome til etterkvart. 




Her er to andre stillingar som eg har gjort jevnleg i mange år.
 Den stillinga under, skulderståande, seiast å vere god for heile
kroppen. Begge desse er svært gode å gjere syns eg. 
Her frå i vinter då me prøvde "skeisebanen" oppe på Kvednavatnet
her oppe. Eg har nesten ikkje skeisa sidan eg var liten og må sei
at det kanskje ikkje var noko eg var så god på. Godt då at eg berre
hadde betalt 30 kroner for skeisene mine på Gjenbruken og eg
kunne tulle meg med yoga mens dei andre skeiste avgårde. 



Laurdag 25.mars, hovudståande etter årets fyrste bad, i Rødlandselva
her borte, samt det siste badet i vintertida før me går
over i sommartid. Det gjorde godt, både bad og hovudståande! 

2 kommentarer:

  1. Har du BADA i elva i dag?!!!!
    Du e "galen i halen" :-) :-)
    Friskt tenker eg
    Yoga høres ut som noe eg må begynne med. Råtten rygg, råtne knær, ja generelt råtten i kroppen..
    Bade gjør eg i badekaret

    God lørdag

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, eg er ein isbadar av og til. Har blitt lite bading i år, må skjerpe meg! veldig godt med eit iskaldt bad, ullundertøy på og så rett i dusjen. Så er ein så roleg og fin i kroppen etterpå. Yoga er ei veldig fin treningsform syns eg, og ein kan gjere det på alle nivå. Ved jevnleg trening så vert kroppen mjukare og smidigare og sterkare.

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!