lørdag, april 29, 2017

Solnedgongar i vest


 "Drivhus i solnedgong"

Ein av fordelane med å ha flytta vest på øya, og ein av tinga som
grisebonden prøvde å lokke meg ut her med, var solnedgongane. 
Og det har blitt nokre nydelege nokre,  i løpet av heile året. Men eg
trur ikkje nokon av dei eg har opplevd kan slå den som var i går.
Eg fekk heilt sjokk frå turen min frå sofaen og inn til kjøkenet. 
Ute var det overskya men sola glapp akkurat litt igjennom. 
Og den raudfargen altså! Dei to øverste bileta er med Iphone og dei
to nederste er med kameraet med makrolinse. Bilete teke med kamera
fekk jommen meg dei fine fargane fram. 


Så får eg heller oppleve nokre fine soloppgongar på austsida av øya,
på Eskeland, når eg tek meg nokre netter der! Men dette altså...



God langhelg finfolk! 

søndag, april 23, 2017

Eigentid





Mitt Eskeland. Det kjennes som mitt. Sjølv om eg ikkje bur
her og sjølv om eg ikkje eig garden. Det kjem nok til å bli forandringar
etterkvart som bror min ein gong tek over, så eg kjenner eg må nyte
det mens det er slik det er. Eg trur eg kjenner kvar centimeter av garden.
Eg hugsar ikkje alle namna på alle stadane, slik som
dei fleste gardane har, hukommelsen min er ikkje god på slikt, men 
eg er glad i kvar plass! 


Eg tek turen til gamlahuset for å stelle litt med både huset og 
meg sjølv innimellom. Kanskje eit par netter. Eller berre ei. Eg er ei
jente som må ha litt åleinetid innimellom og akkurat det får
eg nytta her. Det er ikkje nett eller TV her så berre bok, radio, 
eit blad eller tankar får plass. Og yogamatta inntil
stråtapetet. Med mål om å bli betre på handståande.
Tv-seriar ligg som nødproviant men det har eg ikkje hatt bruk for
dei siste gongane no når det er så lyst. Faktisk har eg kjensla av gamlahuset som
eg hadde før eg budde meg skikkeleg inn. Som ei real hytte. Der ein 
berre gjer "hytteting" som sagt. Eg har ikkje lenger hovudet fullt av ting
eg vil gjere eller må gjere. Eg treng ikkje vaske klær og sjeldan ta oppvasken,
eg brukar kanskje kjørlene fleire gonger. Eg lagar berre Ingvildmat, som
god couscous og fisk. Og lev elles enkelt. 



Eg tek meg som sagt alltid tur rundt på garden. Enten oppsida eller nedsida. 
Denne uteløa til dømes kan eg kikke innom kvar gong, utan å bli
lei. Ho er skeiv og dett snart i saman stakkar. Men slik er det berre,
det er ikkje mi oppgåve å redde den eller anna. Ho står og vitnar om
eit anna liv, ei anna tid. Her, i utetre, er det også veldig mykje blomar. 
Den finaste blomeenga vert det vår og sommar. Her er vårkålen på veg
opp og fram for våren. Seinare kjem også liljekonvall i området her,
eitt år i massevis, andre år berre nokre få. Lukta av den minnar meg
om bestemor, utan at eg veit kvifor, kanskje ho nytta ei såpe då eg var liten. 





Gamlahuset, i sin kvite kjole. Alltid like fint. 
Eg har budd meg ganske greit til på Sæterbø så eg 
saknar ikkje å bu her åleine eigentleg, men det er veldig
godt å ha desse turane mine her av og til. 


Det er ikkje så stelt utanfor og på tunet. Det er slik det er. 
Også i hagen. Men utanfor huset står grønebenken min og
vitnar om meg og på veggen lyser det i gult. 


Påskeliljer frå hagen. Herlege denne varianten. 


På denne tida blømer magnoliaen framfor husmuren. Der er det
lunt og fint. Denne busken kjøpte eg etter at eg flytta heim. 
Og det angrar eg ikkje på. Kanskje ein gong får eg meg eit
heilt magnoliatre. 

Lambavår


Eg som har vakse opp med sauge og lembing på denne
tida her knyttar våren til lamb ute på bakkane. I dei 
siste åra har det jo ikkje vore sauge på Eskelandsgarden,
men bonden som paktar her kjem opp med nokre sauger
med lamb når dei er klare for det og då er det stor
stas å sjå dei små springe om kapp på bakkane. Ikkje så
nærgåande desse lamba, men saugen sjølv ville gjerne ha 
litt kos. Me har ikkje sauge her på Sæterbø, men eg kjenner
at eg gjerne vil ha det ein gong. Sauge er utruleg kjekke
og fine dyr. Og så luktar dei så utruleg godt. Då eg var liten
hadde eg sjølvsagt min eigen saug som levde ein del år,
Ingjeleivo heitte den. Og eg trente ho opp til å bli ein 
kosete og spesiell saug. Og kvart år hadde me eitt eller
fleire alelamb, eller kopplam som nokre kallar det, som
sjølvsagt vart veldig tamme og var strålande glad for
å sjå deg kvar dag. 


Nei, sauge altså. Gode og kloke dyr. Og dei høyrer heime på Eskeland.
Eg håpar det alltid vil vere sauge der. 


Mens på Sæterbø kom det grisungar i helga. Dei kjem nok litt
oftare enn ein gong i året, så det er jo ikkje så spesielt som å
få lamb og nesten overnatte i saugefloren. Men steike meg så
nydelege dei er desse små. Ute på eit blunk og klare til å finne
spena på ein-to-tre. Der er det som ved alle dør, når det vert fødd
ein del grisar så er det alltid nokre som ikkje klarer seg, er daudfødde
eller dør etterkvart. Livets gong, men når ein står midt oppi det så
skulle eg gjerne hatt halde liv i alle saman om eg hadde klart det. 
Men eg har no blitt meir vant med det etterkvart. Eg er ikkje så
ofte innom grisefloren no sidan me har avløysar her, men det kjekkaste
er å vere innom no når grisungane kjem. Sjå når dei tutlar rundt, kranglar
om spena, søv oppå kvarandre og får små soverykningar. Eller når
dei traskar fram til snuten til mora og "gir ho beskjed" om å gi meir mjølk
i spenane, før dei går tilbake og forsyner seg vidare. 


Denne er heilt nyfødd. Rett ut og rett på spena. Og sugerefleksen er i gong.
Dei søtaste er også desse som har flekker på seg syns eg. 

mandag, april 17, 2017

Hagepåske


Påsken har vore ei passeleg tid for å styre på i denne hagen her. 
Me har ikkje reist vekk og eg har putla på i fleire dagar. 
Plantekassar er kome opp og fylt opp med jord, kompostjord, og
kugjødseljord. 


 Man tar hva man haver. Jordbærplantene har fått kome litt
opp i høgda oppi baljer og røyr. Trestubbar har eg henta
rundt om på garden og sett her og der. 



Trestubbane utgjer også grensa til hagen. Bak treet her skal eg lage til eit
slags gjerde tenker eg. Når den tid kjem. Treet har fått godt med jord over
seg og har fått mellombels pynt av dråpeskifer. Planen er nok å legge
duk oppå også. Etter ide frå bloggen Eidens hage. 


På bakken her har eg laga ein platting av gammal skifer
frå garden her. For å markere eit sitjeområde. Eg likar så godt
skiferheller og platting av slikt, det er så fint å berre sitje rett
nedpå i sola. Som bord fekk eg bonden til å hente heim
ein svær og tung stubbe og så laga eg bordplate av gammal bord-
kledning frå gamlahuset som eg har tenkt til akkurat dette. 
Stolar er ikkje på plass enda, utanom ein "heimalaga" stol
som bonden har sagd av ein stubbe ein gong.



Bordet vart solid og godt. 


Så vart det lett planering av bakken her.



Tre traktordekk er fylt med jord og ulike godsaker. Er super
som plantebed det, det vert varmt og godt der. Pluss at det kjem seg
litt oppi høgda. Rabarbra står bada i kumøkk i det eine, urter og lavendel
står i det andre og grasløk står i det tredje. 


Og så var det inni drivhuset då. Eg var kanskje litt rask
med å plante ut tomatplantene, for jommen vart det kaldt!
I dag var det heilt kvitt av rim på bakkane her til morgonen.
I går hengte me faktisk opp ein varmelampe inni drivhuset. 
Tomatplantene lev enda men eg ser dei heng litt og skulle
gjerne hatt det varmare. Eg kryssar berre fingrane for at det 
går bra! Nokre basilkumplanter likte ikkje kulden og dovna vekk.
Paprikaen klarer seg bra men har ikkje vakse noko særleg. 
Agurkplantene står inne enda samt noko meir av basilikum.
Jommen vart det ein kald april! Eg har ikkje sådd i 
kassane ute enda, det ventar eg nok littegrann til med til
eg veit det vert litt vamarne. 


På laurdag sette eg også i gong med eit anna planlagt prosjekt, nemleg
hundehage. På tide at Buster fekk seg eit inngjerda område her på garden
slik at han kan vere ute utan å kunne stikke av. Eit hundehus som bonden 
laga ein gong flytta eg opp, ein Kabeltrommel trilla me opp på haugen
her og så snekra eg ein slags stige som eg festa på den. For at Busten
skal ha seg eit utkikkspunkt, han likar det. Så var det å setje opp
gjerde og å snekre ei grind. Herleg arbeid å gjere ute i sola.



Skilt måtte lagast og eg ser at eg kanskje burde skrive "Vokt deg for katten". 
Katten falt nemleg pladask for hagen og kom i skikkeleg tøysehumør. 
Kjekt med snekring og kjekt å kunne ha gjort to gode prosjekt i påsken!
Siste dagen i dag vert det berre kvile og avslapping før vanlege
rutinar er på plass att. 

onsdag, april 12, 2017

Grønt og godt




I dag har eg teke turen inn i ramsløksland. Der eg veit det veks ramsløk. 
Store blad og blomar på veg ein stad og små unge blad andre stader. 
Det er dei unge eg helst vil ha. Dei er best til å lage noko av då dei ikkje
er så bitre som vaksne blad kan verte. Og på turen fann eg også forskjellige
blomar; kvitveis, engkarse, vårkål, kusommar og andre som eg ikkje kan 
namnet på. Herleg vårdag!

Ramsløk ja, det luktar og det smakar, men kva kan ein bruke det til? Vel, 
det er nok litt opp til deg. Det smakar jo sterkt av løk, på grensa mot 
kvitløk, og kan vere godt i alt som løk passar til. Eg lagar gjerne pesto, det
har eg skrive om her

For å konservere ramsløk så mos den med litt olivenolje og ha på glas. Ha
litt olje på toppen slik at det dekkar alt. Kan halde seg lenge. 


Ramsløkssmør. Køyr smør (valfritt) med ramsløksblad og litt sitronsaft
i ein blender. Smak gjerne til med litt salt. Smør på ei nysteikt brødskive. Nam!


Ramsløkssalt. Grønt og skjønt, salt og veldig salt ja. Køyr grovt havsalt
og ramsløksblad saman til ei jevn masse. Ha på glas. 


Grov surdeigsfoccacia med ramsløk i olje, godt salt og solsikkefrø. 
Så knallgrønt før steiking gitt. 


Og ikkje så grønt etterpå. Men veldig veldig godt! 



tirsdag, april 11, 2017

Prosjekt Ingvildsk


Rart med det. Fyrste tanken med å starte opp med hagen er kanskje
for mange å luke i bed eller ta køyreturen til hagesenteret og gå bananas
i planter og blomar. Eg måå "stæsje" det opp, på min måte, gjere det koseleg,
annleis, lage ei slags stemning. Her har eg samla saman noko "skrot" frå 
både den gamle bosplassen på Eskeland, gjenbruksavdelinga på SIM og 
bruktbutikken. Og festa eit tau på drivhuset og på huset. 


Uroar har eg laga av to ringar i aluminium, blomestreng
og gamle skeier og gaflar. 


Eg prøvde vel fyrst å slå hol i gaflar og skeier men det hadde
eg ikkje tålmod til å drive med, så strengen vart surra og festa
rundt i staden. 



Gamle blå og kvite koppar vart også hengt opp på tauet ein og
ein bortover. 


Så no vart det litt spel, litt action i hagen her. I går blåste det veldig
og då laga det litt lyd i bestikket. Men ikkje slik at det vart
plagsomt. Snodig og Ingvildsk, og no held eg på med
ein enkel platting for sitjeplassar i hagen. 

torsdag, april 06, 2017

Dei finaste gule


Då var det denne tida. Ikkje berre våren, ikkje berre lyset, ikkje berre
grønfargen og blomane som kikkar fram. Det var denne tida, då 
dei gamle påskeliljene blømer! Tradisjonen tru så har eg vore ute og knipsa
nokre bilete og må dele på bloggen. Dei er like nydelege kvart einaste
år! Det ser ut til at det vert ein del i år, alle er ikkje kome heilt i gong
enda. På rekke og rad, i skråninga eller "hadla" oppanfor vegen bort
til gamlahuset, der bestemor sette laukane ein gong i tida. 


Ei lang rekke og to korte. Tusen takk bestemor, for at du delte
dine blomar med meg, år etter år! 


Og akkurat i tide for påsken i år. Så med det, ha ein gul og fin påskestart!