torsdag, april 06, 2017

Dei finaste gule


Då var det denne tida. Ikkje berre våren, ikkje berre lyset, ikkje berre
grønfargen og blomane som kikkar fram. Det var denne tida, då 
dei gamle påskeliljene blømer! Tradisjonen tru så har eg vore ute og knipsa
nokre bilete og må dele på bloggen. Dei er like nydelege kvart einaste
år! Det ser ut til at det vert ein del i år, alle er ikkje kome heilt i gong
enda. På rekke og rad, i skråninga eller "hadla" oppanfor vegen bort
til gamlahuset, der bestemor sette laukane ein gong i tida. 


Ei lang rekke og to korte. Tusen takk bestemor, for at du delte
dine blomar med meg, år etter år! 


Og akkurat i tide for påsken i år. Så med det, ha ein gul og fin påskestart! 

4 kommentarer:

  1. Nyyydelig. Desverre har mi bestemor sagt at løkplanter ikke overlever her. Har prøvd med krokus, men de kom bare opp ett år.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jommen er det pluss og minus med kvar ein stad. Dåke får midnattssol og me får ha laukane i fred ;-)

      Slett
  2. Såå nydelig minne å ha om ei blomsterglad bestemor
    De er kjempefine den gamle fylte sorten, det er sånne jeg går å venter på skal blomstre. Kanskje de kommer til uka, det holder til påske det :-)

    God helg

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser det er fleire som har det i hagane sine her på Fitjar. Veldig kjekt å sjå dei rundt om! Håpar folk set like stor pris på dei som oss! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!