søndag, april 23, 2017

Eigentid





Mitt Eskeland. Det kjennes som mitt. Sjølv om eg ikkje bur
her og sjølv om eg ikkje eig garden. Det kjem nok til å bli forandringar
etterkvart som bror min ein gong tek over, så eg kjenner eg må nyte
det mens det er slik det er. Eg trur eg kjenner kvar centimeter av garden.
Eg hugsar ikkje alle namna på alle stadane, slik som
dei fleste gardane har, hukommelsen min er ikkje god på slikt, men 
eg er glad i kvar plass! 


Eg tek turen til gamlahuset for å stelle litt med både huset og 
meg sjølv innimellom. Kanskje eit par netter. Eller berre ei. Eg er ei
jente som må ha litt åleinetid innimellom og akkurat det får
eg nytta her. Det er ikkje nett eller TV her så berre bok, radio, 
eit blad eller tankar får plass. Og yogamatta inntil
stråtapetet. Med mål om å bli betre på handståande.
Tv-seriar ligg som nødproviant men det har eg ikkje hatt bruk for
dei siste gongane no når det er så lyst. Faktisk har eg kjensla av gamlahuset som
eg hadde før eg budde meg skikkeleg inn. Som ei real hytte. Der ein 
berre gjer "hytteting" som sagt. Eg har ikkje lenger hovudet fullt av ting
eg vil gjere eller må gjere. Eg treng ikkje vaske klær og sjeldan ta oppvasken,
eg brukar kanskje kjørlene fleire gonger. Eg lagar berre Ingvildmat, som
god couscous og fisk. Og lev elles enkelt. 



Eg tek meg som sagt alltid tur rundt på garden. Enten oppsida eller nedsida. 
Denne uteløa til dømes kan eg kikke innom kvar gong, utan å bli
lei. Ho er skeiv og dett snart i saman stakkar. Men slik er det berre,
det er ikkje mi oppgåve å redde den eller anna. Ho står og vitnar om
eit anna liv, ei anna tid. Her, i utetre, er det også veldig mykje blomar. 
Den finaste blomeenga vert det vår og sommar. Her er vårkålen på veg
opp og fram for våren. Seinare kjem også liljekonvall i området her,
eitt år i massevis, andre år berre nokre få. Lukta av den minnar meg
om bestemor, utan at eg veit kvifor, kanskje ho nytta ei såpe då eg var liten. 





Gamlahuset, i sin kvite kjole. Alltid like fint. 
Eg har budd meg ganske greit til på Sæterbø så eg 
saknar ikkje å bu her åleine eigentleg, men det er veldig
godt å ha desse turane mine her av og til. 


Det er ikkje så stelt utanfor og på tunet. Det er slik det er. 
Også i hagen. Men utanfor huset står grønebenken min og
vitnar om meg og på veggen lyser det i gult. 


Påskeliljer frå hagen. Herlege denne varianten. 


På denne tida blømer magnoliaen framfor husmuren. Der er det
lunt og fint. Denne busken kjøpte eg etter at eg flytta heim. 
Og det angrar eg ikkje på. Kanskje ein gong får eg meg eit
heilt magnoliatre. 

6 kommentarer:

  1. Så vakkert Ingvild, ja vi trenger alle egentid og da er det også lurt å kunne åpne seg for å ta inn inntykk på ande måter enn vanlig. Å vandre slik som du gjør på gamle tunet og etter på få skrevet noen filosofisk ord er god sjelinnvestering.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det kjenner eg er så godt. Me treng å vandre, tenke, sanse alle ihop trur eg. Før me vert fanga totalt i kvardag og telefonar og stress.

      Slett
  2. Kjærlighet i ord og bilder og egentid er vel investert tid

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det dryssar på med litt Eskelandskjærleik i ny og ne på bloggen! :-)

      Slett
  3. Det er viktig å ha en sånn plass, egentid er undervurdert som forebyggende helsetiltak spør du meg. ☺ Håper du får beholde gamlahuset som havn så lenge som mulig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja sant? Har jo tid for meg sjølv der eg bur no også, men den vert best i gamlahuset kjenner eg. Og huset er mitt på papiret, bom basta!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!