søndag, april 23, 2017

Lambavår


Eg som har vakse opp med sauge og lembing på denne
tida her knyttar våren til lamb ute på bakkane. I dei 
siste åra har det jo ikkje vore sauge på Eskelandsgarden,
men bonden som paktar her kjem opp med nokre sauger
med lamb når dei er klare for det og då er det stor
stas å sjå dei små springe om kapp på bakkane. Ikkje så
nærgåande desse lamba, men saugen sjølv ville gjerne ha 
litt kos. Me har ikkje sauge her på Sæterbø, men eg kjenner
at eg gjerne vil ha det ein gong. Sauge er utruleg kjekke
og fine dyr. Og så luktar dei så utruleg godt. Då eg var liten
hadde eg sjølvsagt min eigen saug som levde ein del år,
Ingjeleivo heitte den. Og eg trente ho opp til å bli ein 
kosete og spesiell saug. Og kvart år hadde me eitt eller
fleire alelamb, eller kopplam som nokre kallar det, som
sjølvsagt vart veldig tamme og var strålande glad for
å sjå deg kvar dag. 


Nei, sauge altså. Gode og kloke dyr. Og dei høyrer heime på Eskeland.
Eg håpar det alltid vil vere sauge der. 


Mens på Sæterbø kom det grisungar i helga. Dei kjem nok litt
oftare enn ein gong i året, så det er jo ikkje så spesielt som å
få lamb og nesten overnatte i saugefloren. Men steike meg så
nydelege dei er desse små. Ute på eit blunk og klare til å finne
spena på ein-to-tre. Der er det som ved alle dør, når det vert fødd
ein del grisar så er det alltid nokre som ikkje klarer seg, er daudfødde
eller dør etterkvart. Livets gong, men når ein står midt oppi det så
skulle eg gjerne hatt halde liv i alle saman om eg hadde klart det. 
Men eg har no blitt meir vant med det etterkvart. Eg er ikkje så
ofte innom grisefloren no sidan me har avløysar her, men det kjekkaste
er å vere innom no når grisungane kjem. Sjå når dei tutlar rundt, kranglar
om spena, søv oppå kvarandre og får små soverykningar. Eller når
dei traskar fram til snuten til mora og "gir ho beskjed" om å gi meir mjølk
i spenane, før dei går tilbake og forsyner seg vidare. 


Denne er heilt nyfødd. Rett ut og rett på spena. Og sugerefleksen er i gong.
Dei søtaste er også desse som har flekker på seg syns eg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!