søndag, april 30, 2017

Prosjekt for tida



Ja, no er det mykje utetid! Etter jobb og i helgene. Og det er denne 
helga også dedikert til.  Eg har funne fram malingsboksane att,
etter gammalt, og det er vel ikkje dumt? Det går til og med an
å male ute, noko eg diggar. Sol, radio og maling veit du, det er bra det. 
To boksar maling i friske fargar. Den oransje har stått nokre år men
lev godt under den tynne hinna på toppen. Aldri hiv ein halvtom malingsboks!


Eit lite utval av kva eg skal male. Den gule stolen min har de sett før. Men den har
stått ute i vèr og vind og er klar for ny pleie. Korgstolen på sida av er frå kjellaren
her og er dessverre åleine i sitt slag. Og dei to ferskenfarga stolane fekk eg gratis frå
finn.no i fjor haust. I tillegg til bordet så er dei IKEAvarer og hadde absolutt starta
si rustande karriere. Så der måtte det til med både vask, skraping og rustgrunning først.


Og det vart gult! Og litt oransjt! Gode fargar!


Desse stolane endra seg heilt med litt gulmaling. Vel, ein del
knæsj gulmaling er vel rettare å sei.


Ei trapp held eg også på å bygge. Her er det nemleg flust av stein, i millionar
av dei, og berre eit fåtall er flate og fine har eg funne ut. Men eg leitar meg
opp steinar og bærer dei med meg og bygger i veg. Eg lagar steintrapp opp
til hundehagen til Buster for der kan det bli sleipt og glatt. 
Og her gjeld det å få trinna stabile og beine, dei skal helst ikkje røre på 
seg. Så prøver også å stabilisere på sidene av trappa. Ein liten forstuing
av tommelen har visst sett dette prosjektet bittelitt på vent. 
Men det skal bli bra, helsing sherpa Ingvild.


I går køyrde eg oppover mot Sæterbø med firhjulingen
og ei sag. Og leita meg opp nokre passelege greiner som eg tok
greinene av og frakta med meg heim.


Me har nemleg eit mini-renseanlegg for kloakk, det eg kalla septiktank gitt,
i hagen.vOg det er ikkje så sjarmerande syns eg. Så planen har vore å 
lage eit lite gjerde eller ein slags vegg rundt. Det vart ikkje heilt som planlagt
men ting vert til mens ein jobbar med det!


Eg har brukt greiner frå gran og anna, bjørkegreiner hadde vore finare men
dei rotnar mykje raskare. Så har eg sett ei og ei i bakken. Planen er å flette
noko i mellom slik at det vert meir lukka, men det finn eg no ut av!
Gøy prosjekt i alle fall!


Og så har eg funne meg nokre litt alternaitve plantekassar.
Det næraste er ein vask som eg fann på lemen i hønsehuset på
Eskeland. Og den andre er ein kasse som har vore bakpå eit brøyteskjer.
Begge to har eg bora hol i slik at vatnet skal renne ut. Rust
er fint og gir liv syns eg. Særleg mot plantar og blomar. 


 Og så var det bonden då. Han har også eit bra prosjekt på gong!
Han styrer på med dette sjølv og har sonen med seg litt innimellom.
Her kjem det kombinert carport (endeleg) til bilane våre og terasse oppå.
Det er terasse på huset men den er aldri i bruk, den er for smal og altfor lukka.
Denne vert stor og god og eg gler meg til å trene yoga i sola her!
Dette vert kjekt! 



6 kommentarer:

  1. Du er i farta, så herlig.
    Friske energirike farger og stolene ble råkule!
    Å gjemme septikken bak et sånt "flettegjerde" var lurt
    De er også veldig dekorative, tror jeg må få lagd meg et sånn ved urtebedet mitt, som vindskjerm
    Ha en fin 1. mai

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, eg trur dette flettegjerdet vert ganske så fint! Berre spent på kor lenge det held. Eg kunne jo ha planta små tre eller buskar eller pil men det har eg jo tross alt ikkje tid til, operasjon koseleg hage er i jo i gong akkurat nu! ;-)

      Slett
  2. Det går jo unna så det suser hos dere, artig å få med seg litt inspirasjon.
    Ingen tvil om at alle stolene blei mye finere etter et strøk med gult og orange. Den gulfargen ville vel de fleste valgt 10 av 10 ganger framfor den opprinnelige ferskenfargen. Ser det bare framfor meg med grønt gress og grønne trær i bakgrunnen. Og å flette noe mellom kvistene framfor septiktanken/renseanlegget tror jeg blir veldig bra. Kanskje det er lurt å hente kvist nå på våren når de er ganske mjuke? Lykke til! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, hentar meg skot frå ulike buskar og trær rundt om, dei er mjuke og fine. Så vert det bra! Den ferskenfargen var nok sikkert in og kul ein gong men jommen friskna dei 100% opp med gulfarge ja!

      Slett
  3. Vi har ordtaket: Alt nytt gjor måned mai :-))
    Super fagene gult og orange for stolane.
    Lykke til fortsatt med byggearbeid.
    Ønsker riktig god mai deg og din. Hilsen Viola

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!

      Så kjekt du er innom bloggen min Viola! Og så gøy at du lærer deg norsk! Her er det varmt og fint i mai no, så det må me berre nyte! Håpar vêret er bra i Tyskland også! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!