lørdag, april 29, 2017

Solnedgongar i vest


 "Drivhus i solnedgong"

Ein av fordelane med å ha flytta vest på øya, og ein av tinga som
grisebonden prøvde å lokke meg ut her med, var solnedgongane. 
Og det har blitt nokre nydelege nokre,  i løpet av heile året. Men eg
trur ikkje nokon av dei eg har opplevd kan slå den som var i går.
Eg fekk heilt sjokk frå turen min frå sofaen og inn til kjøkenet. 
Ute var det overskya men sola glapp akkurat litt igjennom. 
Og den raudfargen altså! Dei to øverste bileta er med Iphone og dei
to nederste er med kameraet med makrolinse. Bilete teke med kamera
fekk jommen meg dei fine fargane fram. 


Så får eg heller oppleve nokre fine soloppgongar på austsida av øya,
på Eskeland, når eg tek meg nokre netter der! Men dette altså...



God langhelg finfolk! 

4 kommentarer:

  1. Svar
    1. Fin langhelg til deg også! No er ho snaart over, huff!

      Slett
  2. Svar
    1. Ja, det var utruleg flott denne kvelden!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!