fredag, mai 26, 2017

Lukka er eigen pasta


Ja, eg kan no nesten sei det. Eg får ei kjensle av lukke når eg har
fylt opp i skapet, om det gjeld syltetøy eller saft eller brød eller
pasta. Å lage sin eigen pasta, tørke den og ha den på krukker, det
er stas det! Eg har tidlegare laga både spaghetti, tagliatelle
og pastaplater med pastamaskinen min. Og no har eg fått tak i 
eit raviolijern og hin dagen laga eg ein real porsjon med farfalle, pasta
som er forma som ei sløyfe eller ein sommarfugl. Det tok si tid, men var 
absolutt verdt det! 


Eg har skrive om heimalaga pasta tidlegare, du treng ca 1 egg til
100g mjøl og litt salt. Og derifrå står du litt fritt sjølv. Eg likar å ha 
litt grovt men finmalt mjøl i mine. Her har eg nytta sikta kveite, sikta
spelt og svarthavre. Deigen må blandast saman, ligge kaldt i minimum 
ein halvtime og så er den klar for pastamaskinen. Om planen er å tørke
pastaen så kan det vere lurt å tørke pastaen i rundar. Eg køyrde pastaen til 
grad to, som er det andre tynnaste i pastamaskinen. Så lot eg pastaflaka
ligge i 10-15 minutt på benken før eg skjærte ut rundingar med jernet. 
Deretter kan ein la dei tørke nye 15 minutt før ein knepper dei til sløyfer,
men det kjem no an på kor mykje ein lagar og kor god tid ein har. 
Gjer ein dette tørkar den raskare og held finare farge. 


Sløyfene la eg utover benken på lett mjøla underlag. Etter ei stund snudde
eg dei kvar og ein slik at dei tørka jamnt. Så låg dei ute over natta og eg kunne
ha tørka flott pasta på krukker. 


Koketid på denne pastaen vert ca 10 minutt, då er den muleg bittelitt al
dente i midten. Passar i både salatar og til forskjellige enkle sausar. Her
med rømmesaus, soltørka tomat, hermetisk paprika og nokre pølsebitar.
Enkelt og sabla godt. 

lørdag, mai 20, 2017

Sirupsglede


I går fekk eg fingen ut, for avgårde med litermåla mine
og forsvann i plukkingsnuet oppe på Sæterbø. Deilig!
Og resultatet vart 1,5 liter med granskot. Det har gått
svært fort i det siste så dei er på veg til å bli for store,
Men desse gjekk akkurat til å lage sirup av. 
I tillegg hadde eg plukka nokre rabarbrastilkar på Eskeland. 
Og planen var sirup av både rabarbra og granskot! 
Ein herleg miks, både søt, syrleg og frisk. 
Og flott farge fekk den!
Her kjem oppskrifta:

SIRUP AV GRANSKOT OG RABARBRA

ferske granskot
vatn
sukker
rabarbra

Eg nytta fire stilkar rabarbra til 1,5 l granskot. Basisoppskrift
er å ha granskot og rabarbra i bitar i ei panne. Fyll på vatn og
la det dekke så vidt granskota. Kok opp og la det småkoke
på svak varme i 30 minutt. Sil av safta. Mål så opp
kor mykje saft du har og ha då to deler sukker til tre deler saft. 
Har ein seks dl saft så har ein oppi fire dl sukker. 
Ha saft og sukker i ei panne og kok opp. La koke på svak varme
og skum av jevnleg. Etterkvart minkar det på væska og den får 
mindre bobler. Bruk ei teskei som du tek litt sirup med, kjøl
litt ned og kjenn på konsistensen med fingrane. Den skal vere 
litt klissete og ikkje for flytande, men heller ikkje veldig seig. 
Prøv deg fram. Eg har kokt den for lenge før, då vart den drops. 
Så pass på og heller ta den av plata før enn for seint. 

Sirup med smak er super på is, på vafler og pannekaker,
i ein kopp te, i og på bakverk, og til og med på salt mat! 


Som saft vert den lysrosa. 


Og som sirup vert den knakande raud! Er nok både
kombinasjon av rabarbraen og granskota, for dei kan gi
raudleg farge dei også. To av flaskene vart små presangar,
siste blir ståande til gode vaffelfrukostar framover!

Hytteliv


Ei helsing frå Eskeland. For kva er vel denne bloggen utan nokre herlege
bilete derifrå? Eg har vore innom igjen, nytt hyttelivet, drukke kaffi,
gått tur, snakka med saugene, trent yoga på graset og berre vore meg. 
Og Busten, han har speida etter sauge, bjeffa etter sauge, helst på
lamb, gått litt tur og sjekka saugestatusen att. 


Reine blomeenga i Utetre. Det pleier å vere det om sommaren.
Full av engkarse og tusenfryd. Det var ikkje planen å 
gå rett over og trakke ned graset, det var Busten som
sprang og eg måtte dra han inn før me gjekk ein annan veg. 
Men samtidig fekk eg teke dette bilete då. Fjellgardane gitt. 



Eg trudde det var tidleg, eg trur alltid det er tidleg, men jommen meg
hadde liljekonvallen kome. Blad i hundrevis, meir enn eg nokon gong
har sett. Og fann nokre fine med utsprunge blomar, som luktar
av himmelen og av bestemor. 


På denne tida vert det plukking, som regel til å ha i
vasar og glas, men her har eg plukka inn litt røter
også. Marikåpe er så herleg syns eg. Og får sjå om desse
vil leve vidare i hagen på Sæterbø. 


Tusenfryd i full blom. Dei med rosa kant er dei vakraste. 


Og ikkje minst, heggen. Den lukta. 


Saugene hadde kosa seg rundt huset og på haugane sidan
sist. Og dei "banka" også på fin-inngongsdøra då
eg prøvde meg på ein ettermiddagskvil. Herlege bøller. 



Lamb  liggande i vegen, for eit herleg syn!


I vindauga kom det epletregreiner og greiner av hegg, samt
blåspaniastjerne frå hagen. Og på veggen har det kome opp
ei ny klokke, ei ny gul klokke! Ein gammal Ikeaklassiker, frå nittitalet
trur eg, funne på Retro på Husnes til 40 kr! Såå glad eg vart
og så rett plass for den her! Gjøkuret er nemleg på kjøkenveggen
på Sæterbø. 
God kjøkenkjensle til kaffien. 


Blomane tok eg med meg til Sæterbø, men eg er snart 
attende for å fylle opp huset med gode lukter att! 

torsdag, mai 18, 2017

Å sanse


Kva betyr å sanse? 
Alle årstider har sin sjarm, men denne tida her
er muligens den beste. Når det gjelder kva me kan oppleve
via sansane våre. Eg hadde lyst til å skrive nokre ord om det. 
Eg set nemleg så utruleg stor pris på at eg er født som
eit følsomt vesen, at eg er merksam på det som er rundt meg,
at eg lett kjenner lukter, koblar lukter og lydar til minner, kan
kjenne ei utruleg stor glede av å vere ute i naturen. 
I dag er det nok mange som ikkje gjer dette, dei fartar rundt og 
livet er ofte sentrert rundt telefonen, det å vere sosial, det å vere 
travel. For meg er ein tur ute ein vårdag reine lykkekjensla. 
Eg kan nesten kjenne lukta av bjørkeblada som veks, av
alt som spirer og gror, eg kjenner lukta av blomar som vert
sterkare i solvarmen. Og all fuglesongen, det er eit evig kor av
vakker musikk. Og ja, eg har gjerne med meg telefonen
eg også og tek han fram for å ta bilete av og til. Slik at eg
kan dele litt med de her på bloggen og på instagram. Og fordi
eg syns det er kjekt. Men eg trener meg no på å berre vere i 
det. Berre stoppe opp, kanskje lukke augo, lytte til
lydane og kor dei kjem i frå, kjenne etter luktar, 
kjenne vinden stryke meg på kroppen. Kjenne underlaget 
under baken eller beina mine. Og berre vere. Ikkje vurdere
eller dømme, prøve å la tankane berre gli vidare. Det er dette
som er mindfulness, å vere fullt og heilt her og no, og
det gjer veldig godt for kropp og sjel. Lukkekjensla må 
berre komme om ho vil, og det gjer den, og eg skulle av og til
ynskje eg kunne ha spart på den til regnfulle dagar, men
slik er me ikkje skrudd saman. På same måte som eg skulle
ønskt meg å putte gode lukter på ein boks for å ta fram
seinare. Hegg, epleblom, roser, magnolia, syrin, liljekonvall,
nyslått gras, akk, så heldige me er. 

Ein treng ikkje nødvendigvis vere så travel sjølv
for å bli prega av den travle verda me er i. Og ein kan også
vere prega av kor mykje fælt som skjer sjølv om me bur
i trygge Noreg. Så mine tankar til lesarane mine, stopp
opp, og bruk sansane dine. Er det vanskeleg, så kanskje
du burde prøve fleire gonger. Og ha ei god maiveke vidare! 

lørdag, mai 13, 2017

På an igjen! Rabarbratid!



Rabarbraen er klar! På Eskeland er det nokre stilkar klare og
svigermor si rot har mange flotte stilkar. I hagen her treng dei litt meir 
tid. Ingenting anna å gjere enn å sette i gong med bakst for min del!
Muffins fyrst, ein av mine favorittar for bakst med frukt og bær. 
Desse er fylt med rabarbra, vanilje og kokos. Skikkeleg gode!


Kokosmuffins med syrleg rabarbra

3 store egg (romstemp)
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2,5 dl riven kokos
2 ts bakepulver
150 g smelta avkjølt smør
3 ss lønnesirup/sukker
frø frå vaniljestong/reint vaniljesukker
3-4 gode stilkar rabarbra

Set på ovnen på ca 210 grader. Skjær rabarbraen i tynne skiver
og ha oppi ei skål. Ha over lønnesirup/sukker og vanije og vend rundt. 
Rabarbraen vert no lett marinert. Visp egg og sukker til eggedosis.
Vend inn mjøl, bakepulver og kokos og deretter smør. 
Ha så i rabarbraskivene men spar nokre til å ha på toppen av
muffinsane rett før steiking. 
Fyll muffinsformer og steik i om lag 15-20 min i små former,
ca 25 min store former. Server gjerne varme! 


Sanke granskot




Det poppa fram både blomar og vekstar i løpet førre veke. Plutseleg
vakna naturen skikkleg til. Det er litt tidleg, men faktisk er no
granskota klare til å plukkast. I alle fall her på Sæterbø. Eg har tidlegare
laga sirup av denne, kjem absolutt til å gjere det att, og pynta grisekaka 
med den. Og plusset med å ha små granbuskar rett utanfor huset er
at det er lett å plukke med seg nokre skot i ny og ne. 
I dag tidleg laga eg til frukostvaffelrøre med surdeig,
havregryn, kefirmjølk og til slutt: ein god neve granskot. 
Det vart friske og gode vafler! For ja, dei smakar friskt, ikkje slik
gransmak som ein skulle tru. Kjekt å kunne nytte seg av naturen i år igjen. 


Vaffelrøre med grønne trådar, men det viste ikkje så mykje på sjølve
vafla når ho var steikt. 


Og ein skikkeleg grøn og herleg frukost. Finaste mummikoppen, nysteikt
vaffel med deilig Golden Syrup og litt strø av granskot! 


Sommarbeite



Natt til i går tok angusane avgjersla på at no er det sommartid. Dei
samla heile gjengen og gjekk heilt opp til sommarbeitet sitt, opp
til gmalegarden på Sæterbø. Bonden vart ikkje glad, då han måtte rett
opp for å starte opp med gjerdefiksing. For dei var kanskje litt tidleg på an.
Men er det sommartid så er det sommartid, då ventar i alle fall ikkje dei!
Og i går var det strålande sol oppe på beitet, dei traska roleg og kvilte for det
meste, etter den lengre turen gjennom skog og fjell gjennom natta. 
Og eg måtte sjølvsagt inn og helse på gjengen, som er blitt meir og
meir trygg på meg no. 


Veldig kjekt å leike med sol og svart angus. Reine engelen øverst.


Ein av dei minste kalvane som har kome dei siste vekene. Det
har kome kalvar gjennom heile våren. 


Her er faktisk den eine kalven eg sjekka nyfødd i vinter/vår. Den har blitt
skikkeleg stor og føl mora si enda. Det er så kjekt å sjå, desse dyra har
det verkeleg godt. 


Bakkar som er trakka opp av tunge dyr. 


Då var det i gong og forhåpentlegvis held dei seg innanfor gjerdet lenge. 
Neste prosjekt er å få laga til utegrisområde her, det gler eg meg
stort til! 

onsdag, mai 10, 2017

Ein grisebonde verdig


Grisebonden min, han Sverre, fyller 45 år i dag. Eit ganske så rundt tal. Og 
ja, han er rett over ti år eldre enn meg! Så sidan han trer eitt steg til inn i
dei vaksnes rekker så kallar eg han 45 år gammal ung! 
Og eg har hatt så lyst til å lage ei ekte grisekake. Gris og brun sjokolade-
glasur passar no veldig godt saman. Særleg når ein på sommaren har
utegrisar som kosar seg i gjørma. 


Og her kosar dei seg skikkeleg! Kakebotnen vart laga av banankake
med kakao, tilsatt sjokoladebitar, valnøtter og tranebær. Sjokoladeglasuren
er tjukk og har litt corn flakes i seg, for å få den rette konsistensen. 
Graset er laga av kokos med grøn og litt gul konditorfarge. Og elles er den flotte
enga pynta med granskot, mynteskot, plommeblomar, stemorsblomar, fiolar og engkarse. 
Alt etande. Grisane vart laga av kransekakemasse, ja, det var det eg fekk tak i 
då eg ikkje ville bruke den supersøte tullemarsipanen med 0,5 % mandlar. 


Skikkeleg gøy prosjekt! Og kaka vart laga i skjul mens grisebonden
var ute og kjørte møkk i går kveld. Då han kom inn lukta det bakst,
men så hadde eg også laga bananvafler til kvelds så han skjønte ikkje
noko der. 


Då vart det kake til frukost, og snuten var det synd å ete, så søt
som den var, men den smaka godt! 

søndag, mai 07, 2017

Sommarkjensle i mai II


Heilt surrealistisk, både fantastisk og urovekkande
på same tid. I starten av mai, blomane sprett akkurat ut,
og me har over tjue grader i vest. Fleire gonger denne veka
har eg dukka kroppen under i Rødlandselva rett her borte. Og
frå dag til dag har den berre blitt varmare, varma opp
av solstråler som står på dagen lang. Er ikkje dette sommar
så veit ikkje eg. Men det skal ikkje vere slik, det skal ikkje 
vere så varmt enda og eg er redd for at sommaren vert kald og
våt og at årstidene vidare vert tulla ihop. Ikkje meininga å 
vere så pessimistisk men eg likar ikkje utviklinga og det er
me vel fleire om. Men derimot så gledar eg meg også for
kva som skjer rundt om, det er godt å kjenne sola varme og
badet kjøle og hagen bløme opp. 


Tenk at jordbærplantene kom med to blomar i går! 


Katten delte ettermiddagen med meg i sol med radio, krutsterk kaffi og ferkst
svenskt interiørblad. 


Tomatplantene som eg var bekymra over, då dei nok vart sett ut
litt for tidlig, har overlevd og i går registrerte eg den første blomen. Tenke
seg til. Dei er ikkje så høge enda og det skal dei bli, så
blir spennande om det vert ein lang tomatsesong på meg. 


Blomane på plommetreet poppa også fram i løpet av dagen i går. 
Heilt utruleg. Får håpe det ikkje kjem nattefrost att slik at 
avlinga vert øydelagd. 


I går vart eg ferdig med flettegjerdet mitt. Eg har klypt kvistar
rundt om og fletta så godt eg kunne rundt greinene. 
Så no har det blitt eit ganske greit skjul rundt renseanlegget, og
eit lite skuggeområde i hagen. 


På kvistane er det akkurat no blad, men det vert meir nakent
når blada visnar. Så planen er å sette noko langs med kanten
som vil klatre litt og i går plukka eg med meg nokre skot
frå vill eføy som eg håpar vil like seg. Får berre passe på at den ikkje
sprer seg andre stader. 



Ender i kveldssol etter ein lang dag i sola. Dei held seg helst
i skuggen saman med hønsa når det er slik varme. Flott dag i går
og det var faktisk godt å vakne opp til skodde ute i dag. 

Ein kusommardraum


Då eg var liten var det stas å finne kusommar om våren. Det
var som regel ikkje så mange tuer og dei fantes gjerne
høgt oppe i skråningar som fekk godt med sol. Me plukka kanskje
nokre få blomar og hadde med heim i eit lite glas. I løpet av åra har
det kome fram nokre fleir tuer her og der, i alle fall det eg kan erfare,
og det er ikkje så "sjeldan" som det kjendes ut før. Men det er ein blom
eg set utruleg stor pris på å få sjå. Og i fjor viste bonden meg ein stad i området
her som rett og slett kryr av dei. Eg har aldri sett så mange før
og eg må sei at det kjennes ut som at eg er i kusommarhimmelen.


Me tok ein sein kveldstur med sola på hell og disen på veg
innover frå havet. Og frå skråning til skråning, skogholt til
skogholt, det kryr av dei. Tusenvis på tusenvis. 


Så dette vert eitt av årets høgdepunkt. Om våren. 
Bort og kikke på den fine draumen.