torsdag, mai 18, 2017

Å sanse


Kva betyr å sanse? 
Alle årstider har sin sjarm, men denne tida her
er muligens den beste. Når det gjelder kva me kan oppleve
via sansane våre. Eg hadde lyst til å skrive nokre ord om det. 
Eg set nemleg så utruleg stor pris på at eg er født som
eit følsomt vesen, at eg er merksam på det som er rundt meg,
at eg lett kjenner lukter, koblar lukter og lydar til minner, kan
kjenne ei utruleg stor glede av å vere ute i naturen. 
I dag er det nok mange som ikkje gjer dette, dei fartar rundt og 
livet er ofte sentrert rundt telefonen, det å vere sosial, det å vere 
travel. For meg er ein tur ute ein vårdag reine lykkekjensla. 
Eg kan nesten kjenne lukta av bjørkeblada som veks, av
alt som spirer og gror, eg kjenner lukta av blomar som vert
sterkare i solvarmen. Og all fuglesongen, det er eit evig kor av
vakker musikk. Og ja, eg har gjerne med meg telefonen
eg også og tek han fram for å ta bilete av og til. Slik at eg
kan dele litt med de her på bloggen og på instagram. Og fordi
eg syns det er kjekt. Men eg trener meg no på å berre vere i 
det. Berre stoppe opp, kanskje lukke augo, lytte til
lydane og kor dei kjem i frå, kjenne etter luktar, 
kjenne vinden stryke meg på kroppen. Kjenne underlaget 
under baken eller beina mine. Og berre vere. Ikkje vurdere
eller dømme, prøve å la tankane berre gli vidare. Det er dette
som er mindfulness, å vere fullt og heilt her og no, og
det gjer veldig godt for kropp og sjel. Lukkekjensla må 
berre komme om ho vil, og det gjer den, og eg skulle av og til
ynskje eg kunne ha spart på den til regnfulle dagar, men
slik er me ikkje skrudd saman. På same måte som eg skulle
ønskt meg å putte gode lukter på ein boks for å ta fram
seinare. Hegg, epleblom, roser, magnolia, syrin, liljekonvall,
nyslått gras, akk, så heldige me er. 

Ein treng ikkje nødvendigvis vere så travel sjølv
for å bli prega av den travle verda me er i. Og ein kan også
vere prega av kor mykje fælt som skjer sjølv om me bur
i trygge Noreg. Så mine tankar til lesarane mine, stopp
opp, og bruk sansane dine. Er det vanskeleg, så kanskje
du burde prøve fleire gonger. Og ha ei god maiveke vidare! 

2 kommentarer:

  1. Jeg hørte en gang på radioen som hadde lasta ned en app (!) som viste hvor ofte hun løfta opp mobilen for å kikke på den. Tallene var visst ganske heftige, i perioder nesten hvert minutt. Det blir ganske mye tid til overs for å kikke litt på omgivelsene sine hvis man klarer å kutte det ned til et par ganger i timen. (",)

    SvarSlett
  2. Huff ja, den appen var skummel! Det luraste er nok å la telefonen ligge, då vert det ikkje noko fotografering med den, men for å ha full merksemd mot nuet så skal ein faktisk ikkje utføre noko, ikkje ta bilete, ikkje male, ikkje plukke blomar, for då er det alltid eit mål. Så berre vere.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!