fredag, mai 26, 2017

Lukka er eigen pasta


Ja, eg kan no nesten sei det. Eg får ei kjensle av lukke når eg har
fylt opp i skapet, om det gjeld syltetøy eller saft eller brød eller
pasta. Å lage sin eigen pasta, tørke den og ha den på krukker, det
er stas det! Eg har tidlegare laga både spaghetti, tagliatelle
og pastaplater med pastamaskinen min. Og no har eg fått tak i 
eit raviolijern og hin dagen laga eg ein real porsjon med farfalle, pasta
som er forma som ei sløyfe eller ein sommarfugl. Det tok si tid, men var 
absolutt verdt det! 


Eg har skrive om heimalaga pasta tidlegare, du treng ca 1 egg til
100g mjøl og litt salt. Og derifrå står du litt fritt sjølv. Eg likar å ha 
litt grovt men finmalt mjøl i mine. Her har eg nytta sikta kveite, sikta
spelt og svarthavre. Deigen må blandast saman, ligge kaldt i minimum 
ein halvtime og så er den klar for pastamaskinen. Om planen er å tørke
pastaen så kan det vere lurt å tørke pastaen i rundar. Eg køyrde pastaen til 
grad to, som er det andre tynnaste i pastamaskinen. Så lot eg pastaflaka
ligge i 10-15 minutt på benken før eg skjærte ut rundingar med jernet. 
Deretter kan ein la dei tørke nye 15 minutt før ein knepper dei til sløyfer,
men det kjem no an på kor mykje ein lagar og kor god tid ein har. 
Gjer ein dette tørkar den raskare og held finare farge. 


Sløyfene la eg utover benken på lett mjøla underlag. Etter ei stund snudde
eg dei kvar og ein slik at dei tørka jamnt. Så låg dei ute over natta og eg kunne
ha tørka flott pasta på krukker. 


Koketid på denne pastaen vert ca 10 minutt, då er den muleg bittelitt al
dente i midten. Passar i både salatar og til forskjellige enkle sausar. Her
med rømmesaus, soltørka tomat, hermetisk paprika og nokre pølsebitar.
Enkelt og sabla godt. 

1 kommentar:

  1. Det meste smaker i grunnen best når det er hjemmelaga. (",) Du er jo etterhvert for proff å regne på pasta, og dette ser jo ut som en liten kosejobb.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!