lørdag, mai 13, 2017

På an igjen! Rabarbratid!



Rabarbraen er klar! På Eskeland er det nokre stilkar klare og
svigermor si rot har mange flotte stilkar. I hagen her treng dei litt meir 
tid. Ingenting anna å gjere enn å sette i gong med bakst for min del!
Muffins fyrst, ein av mine favorittar for bakst med frukt og bær. 
Desse er fylt med rabarbra, vanilje og kokos. Skikkeleg gode!


Kokosmuffins med syrleg rabarbra

3 store egg (romstemp)
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2,5 dl riven kokos
2 ts bakepulver
150 g smelta avkjølt smør
3 ss lønnesirup/sukker
frø frå vaniljestong/reint vaniljesukker
3-4 gode stilkar rabarbra

Set på ovnen på ca 210 grader. Skjær rabarbraen i tynne skiver
og ha oppi ei skål. Ha over lønnesirup/sukker og vanije og vend rundt. 
Rabarbraen vert no lett marinert. Visp egg og sukker til eggedosis.
Vend inn mjøl, bakepulver og kokos og deretter smør. 
Ha så i rabarbraskivene men spar nokre til å ha på toppen av
muffinsane rett før steiking. 
Fyll muffinsformer og steik i om lag 15-20 min i små former,
ca 25 min store former. Server gjerne varme! 


2 kommentarer:

  1. Høres (og ser) nydelige ut! Kombinasjonen kokos og rabarbra passer nok kjempebra samnen! Rune tok dessverre livet av rabarbraen for noen år siden..

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje du veit om nokon som har ei stor rot? Eller du får tak i ei ny lita rot på Hageland? Herleg desse muffinsane, passa godt med kokos i! Når det gjeld muffins er eg alllltid i utprøvingsfasen, vert stadig nye muffinsar!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!