lørdag, mai 13, 2017

Sanke granskot




Det poppa fram både blomar og vekstar i løpet førre veke. Plutseleg
vakna naturen skikkleg til. Det er litt tidleg, men faktisk er no
granskota klare til å plukkast. I alle fall her på Sæterbø. Eg har tidlegare
laga sirup av denne, kjem absolutt til å gjere det att, og pynta grisekaka 
med den. Og plusset med å ha små granbuskar rett utanfor huset er
at det er lett å plukke med seg nokre skot i ny og ne. 
I dag tidleg laga eg til frukostvaffelrøre med surdeig,
havregryn, kefirmjølk og til slutt: ein god neve granskot. 
Det vart friske og gode vafler! For ja, dei smakar friskt, ikkje slik
gransmak som ein skulle tru. Kjekt å kunne nytte seg av naturen i år igjen. 


Vaffelrøre med grønne trådar, men det viste ikkje så mykje på sjølve
vafla når ho var steikt. 


Og ein skikkeleg grøn og herleg frukost. Finaste mummikoppen, nysteikt
vaffel med deilig Golden Syrup og litt strø av granskot! 


2 kommentarer:

  1. Surdeigsvafler, nam, granskudd er eg litt mer usikker på, men eg har jo aldri smakt det heller.. Og hvis det ikkje smaker sånn som eg tror, så er det kanskje godt?

    SvarSlett
  2. Prøv surdeigsvafler! Lag til ein deig dagen før slik at den får sett seg i gong, eg pleier å gjere det, eller at eg tilsett aktiv surdeig i vaffeldeigen min, som alltid er laga av det eg har for hand. Surdeig er godt i magen uansett!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!