lørdag, mai 20, 2017

Sirupsglede


I går fekk eg fingen ut, for avgårde med litermåla mine
og forsvann i plukkingsnuet oppe på Sæterbø. Deilig!
Og resultatet vart 1,5 liter med granskot. Det har gått
svært fort i det siste så dei er på veg til å bli for store,
Men desse gjekk akkurat til å lage sirup av. 
I tillegg hadde eg plukka nokre rabarbrastilkar på Eskeland. 
Og planen var sirup av både rabarbra og granskot! 
Ein herleg miks, både søt, syrleg og frisk. 
Og flott farge fekk den!
Her kjem oppskrifta:

SIRUP AV GRANSKOT OG RABARBRA

ferske granskot
vatn
sukker
rabarbra

Eg nytta fire stilkar rabarbra til 1,5 l granskot. Basisoppskrift
er å ha granskot og rabarbra i bitar i ei panne. Fyll på vatn og
la det dekke så vidt granskota. Kok opp og la det småkoke
på svak varme i 30 minutt. Sil av safta. Mål så opp
kor mykje saft du har og ha då to deler sukker til tre deler saft. 
Har ein seks dl saft så har ein oppi fire dl sukker. 
Ha saft og sukker i ei panne og kok opp. La koke på svak varme
og skum av jevnleg. Etterkvart minkar det på væska og den får 
mindre bobler. Bruk ei teskei som du tek litt sirup med, kjøl
litt ned og kjenn på konsistensen med fingrane. Den skal vere 
litt klissete og ikkje for flytande, men heller ikkje veldig seig. 
Prøv deg fram. Eg har kokt den for lenge før, då vart den drops. 
Så pass på og heller ta den av plata før enn for seint. 

Sirup med smak er super på is, på vafler og pannekaker,
i ein kopp te, i og på bakverk, og til og med på salt mat! 


Som saft vert den lysrosa. 


Og som sirup vert den knakande raud! Er nok både
kombinasjon av rabarbraen og granskota, for dei kan gi
raudleg farge dei også. To av flaskene vart små presangar,
siste blir ståande til gode vaffelfrukostar framover!

1 kommentar:

  1. I går vågde eg meg endelig til å smake på granskudda. Og det var som du sa, de smakte ikkje som eg trodde. De smakte litt bringebær og litt engsyre og bare bittelitt gran. Veldig godt, faktisk!

    Er sikker på at denne sirupen smaker himmelsk! Det får bli et prosjekt å prøve seg på til neste vår

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!