torsdag, mai 04, 2017

Sommarkjensle i mai




Eg tok turen til gamlahuset i går. I hagen sto graset høgt og tulipanane var
jommen på veg ut i verda. Fyrst ut er desse, herlege fargar. 


Eg hadde visst to magnoliaer eg, så kjekt! Begge to står i blom
langs med steinmuren. 


Og i rabarbrakassen er det full fres. Jommen kan eg byrje å hauste
der snart. 


Saugene går fritt og tunet rundt huset er klypt fint ned
av dei. Ganske greit å ha gratis plenklypparar der no. Men
eg kan altså ikkje ha noko blomar ståande ute på denne tida. 
Forsåvidt ikkje noko anna heller, dei riv ned og leikar seg
med det meste! På kvelden tutlar dei opp på haugane og 
tilbringer natta der. 


Det gjor eg også i går. Eg kom rett frå yoga på Fitjar til å springe
opp på haugane og ta meg nokre stillingar i kveldssola .
Kanskje den finaste staden for å gjere yoga? Her er hjulet,
ei tung stilling og eg kjenner den gjer godt i kroppen.


Trening på handståande, huff, det er ikkje lett! Jommen skal ein vere
sterk for å klare å stå rett opp slik! 


Morognstund. I dag tidleg var sola oppe før meg. Å stå opp på
denne tida med sola i låg stilling, akk, det er så godt. 


Alt ho tek på vert gull, den sola. 


 Litt kaldt å traske rundt barbeint så sokkeleisten får gå. 
I arva sokkar frå far. 


Lett å vakne, lett å stå opp, lett å kome seg avgårde til jobb. Men eg gler
meg også til å kome heim til huset i dag! Nyt sola finfolk! 

3 kommentarer:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!