søndag, juni 25, 2017

Tid for mygg


Eg er ei av dei som myggen elskar. Som knotten elskar. Som kleggen diggar. 
Som til og med bier og veps og hestebrems/kugklegg (jepp!) tar seg
ein ekskursjon på. Og eg er allergisk. Det vil sei, eg definerer meg ikkje som
det, eg vert jo ikkje skikkeleg dårleg, eg får berre veldig store stikk som 
gjerne klør intenst ei veke. For nokre år sidan gjekk eg med allergimedisin
på meg, særleg etter hestebremsstikket mitt som laga ei ekte Kim Kardashianrompe 
på meg, men det gidd eg berre ikkje no. Men her på Sæterbø er det både knott og mygg,
og klegg er det borte med utegrisane og ved elva. Og oppe på Sæterbø.
Så no er eg klar for å ikkje få fleire stikk, så eg har laga mitt eige 
middel. Etter oppskrift frå Alexandra frå Strömsö, eller "hygge i Strømsø"
som det heiter når det går på NRK. Eg nytta tørka pors og dekka den med
rein sprit. Det lot eg stå 2-3veker før eg silte av blada. Flaska har eg gøymt på
ein mørk stad mens litt av den har eg fylt ei lita sprayflaske med. Halvparten
porstinktur og halvparten reint vatn, deretter ca 10-20 dråpar med eterisk olje. 
Eg hadde lavendel, men geranium, bergamott og citronella er også å anbefale. 
Så er det berre å spraye på før eg skal ut i hagen eller ut på tur, særleg i klamt vêr. 


Å du kjære halloumi (og herlege ricotta)


Sjå kva eg har klart denne gongen! No meistrar eg mozzarella
og då måtte eg jo berre prøve meg på neste gode ost. Halloumi!
Har du smakt det? Ein fast og ganske så salt ost som ein kan steike
eller grille. Du får det på større matbutikkar eller internasjonale
matbutikkar. Eg fekk det for meg på fredag, ordna meg fersk mjølk,
leste meg opp på to litt forskjellige oppskrifter og sette i gong. Det tok
nokre timar og eg småangra litt då eg gjerne også skulle ha vore
ute, men eg angra absolutt ikkje då eg prøvesmaka på osten og
i alle fall ikkje då den vart steikt opp til smaking i dag! 


Fyrst og fremst så er det lurt å ha klart plastboksar. Eg har ikkje 
slike skikkelege slike, så eg bora hol i ein isboks og nokre mindre
sylteboksar. Alt vart reingjort skikkeleg også. 


Eg varma opp 7 liter ferskmjølk til 37 grader. Tilsette så
ca 1-2 ss osteløype. Her varierer oppskriftene, men dette fungerte
berre fint. Sette på lok og lot det stå i rundt ein halvtime. Deretter
skjærte eg opp ostemassen i mindre terningar og rørte lett rundt
mens eg varma opp osten til 40 grader. 


Lurt å vere nøyen med temperaturen.


Deretter silte eg av mysen ved å ha ostemassen i eit
klede. Lot det renne av ei stund og kneppa ut ein
del av resterande væske. 


Ostemassen såg ganske så grei ut som dette også. 



Mysen tok eg vare på og varma den opp til 85 grader. Deretter
hadde eg i alle skivene med ost og lot det ligge i nye 30 minutt,
evnt til osten fløyt opp til overflata. 


Deretter fiska eg ostebitane ut og masserte dei inn med salt.
Her har eg ikkje noko mål på saltet, eg tenker det er verre å få
for lite enn for mykje. 


Eg pressa så osten ned og lot mysen renne gjennom hola i isboksen.
Snudde så ostebiten nokre gongar og la press på. Lot den stå
kjøleg i eitt døger. 


Mysen ville eg lage ricotta av, tidlegare har eg berre
laga brunost av den. Og sommartid er meir ricottatid
enn brunosttid spør du meg. Mysen låg framleis på
85 grader og eg hadde opp ca 0,5 dl eplecidereddik.
Deretter lot eg den stå under lok i fem minutt.


Då såg den slik ut og eg kunne byrje på ny og sile av.
Fyrst berre i dørslag og så nytta eg meg heller av sileklede
her også. Ricottaen blanda eg også litt salt inn i og trykka
ned i sylteboksar med hol under. Pressa dei saman og sette
dei også kaldt eit døger. 



Kvit ricotta og gul halloumi. Eg er vant med at halloumien
er meir kvit av seg og litt meir ujevn i formen. Eg pressa den nok
ganske godt. Eg la heller ikkje min i saltlake, det er vel også
kanskje valfritt. 


Så var det berre å dele den opp i skiver og steike i litt god
olje, ha på litt salt og pepar og voila!
Fantastisk godt! Bonden likte det godt også, han kommenterte
at konsistensen minna om kjøt. Og han er kjøtglad!
Halloumi vert nemleg nytta av vegetarianarar som et melkeprodukt
fordi den er ei god kilde til protein. Og feitt også.


Ricottaen var lett og fin, servert med litt god olivenolje, litt krema
balsamico på. Og ein god heimalaga potetsalat med nykål, ovnsbakt
aubergine, hermetisk paprika (ein av mine favorittar), epler og anna godt. 
Og agurk frå drivhuset då. Stas! Stas! Stas! 




søndag, juni 18, 2017

Nytt familiemedlem




Frøken er i hus! Lokalprodusert kattunge og kortreist lita dame, frå ein fin
liten kattefamilie nede på Fitjar. Joda, eg ville gjerne hatt ein omplasseringkatt, 
det er så mange kattar der ute som treng ein ny heim, men eg har allereie ein litt sær
hannkatt som dessverre ikkje ville tillatt det. Vesle frøken er under tvil, men han har
ikkje gått skikkeleg laus på ho enda i alle fall. Så det er ei positiv utvikling! 
Herleg med ein kattunge i hus att, ei lita ei som treng tryggleik og kos og prat. 




Mange skumle skapningar å treffe på i familien Sæterbø. Denne anda
kunne nok skremd kven som helst, dei er så sære og rare dei endene.
Kanskje kjem det ein ny hund i hus også, tida vil no vise. 

Sommar no



Rar tittel kanskje? Det er ei meining bak det. Dei som følgjer meg på
instagram fekk sjå bilete nederst med ein liten tekst om å nyte tida no.
Ei lita påminning til meg sjølv og til andre, vel kanskje mest til meg 
sjølv. Eg kjenner det att når eg småpratar med folk rundt om. I småprat
snakkar ein fort om vêret og sommarvêr er intet unntak. Her har det vore
småkjøleg og regn helst, og me er vel som regel alle litt småredde
for at det er slik sommaren vert. Elles så snakkar ein gjerne om
kor tid ein har ferie, kva ein skal osv. Det er så fort gjort å definere 
sommaren som det som kjem, ferien som kjem, ferien som er men 
går så fort, regnet som er eller som skal komme. 
Men, sommaren, eller i allefall vårsommaren, starta her for
lenge sidan. Sommaren er så absolutt til stades. Den er der med 10-12
grader til morgonen, eller tjueseks grader der me ikkje veit kor me skal gjere
av oss. Den er der når det regnar eller er overskya, like mykje som i 
sol eller solgløtt. Ute er det så grønt, det er så frodig, det er så mange
lukter. Sommaren går over på eit blunk om ein ikkje klarer å lande i den,
og det trener eg meg på. Kvar dag. Når eg syklar til jobb og plukkar 
sykkelen full av blomar. Og veit ikkje kvar eg skal plassere desse når eg 
kjem heim. Når eg traskar (merk; ikkje fartar lenger) på min daglege
tur med Bust og Frensur, med saugene eg helsar på, kyrne på beitet på
nabogarden, reine blomeenga. Når eg brukar berre fingrane til å grave
opp ei rot av ein eller anna blom eg vil ha med heim, konstant
skitten rundt neglene, når eg gløymer alt og alle og er berre akkurat der. 
Når eg stoppar opp og høyrer fuglesongen, var det ein ny fugl? 
Sjå der var gauken, der var to skogsduer. Kjenner at det er 
ikkje så kaldt allikevel, og når sola kikkar innom så varmar det opp
alt på eit blunk. Ein treng ikkje å vere ute heile kvelden og gå seint 
til sengs for å nyte sommaren. Men vere litt i det kvar dag, om ein har 
ferie eller ikkje, om det er kaldt eller varmt, sol eller regn. 
God sommar. 

lørdag, juni 10, 2017

Solbærbladsaft




Sommartider. 
Me fekk oss ein stor solbærbusk hin dagen. Rett bort
til svigerfar og gravde den opp, men me måtte klyppe den
ned for å få det til. Alle greinene har eg samla saman og dei står
ute i vatn, slik at dei kanskje kan leve vidare litt. Dei har ikkje mykje
av bærkart, men mykje flotte blad! Og som me veit luktar solbærblad
skikkeleg! Svært aromatiske blad. Eg prøvde i fjor å lage solbærbladsaft,
men dei blada var nok litt for gamle og ga lite smak. Denne gongen
er eg før modninga, blada er ferske og fine og luktar deilig! 
Så eg samla saman ein del og fekk sett i gong nokre liter med saft. 


Oppskrifta er frå ei anna svensk bok, Ernst Kirchsteiger si 
"Året rundt med Ernst". Den har nokre oppskrifter og redesignidear,
mange flotte bilete og fine ord. 
I alle fall, her kjem oppskrifta:

SOLBÆRBLADSAFT

1 liter ferske solbærblad (gjerne før modning)
1 liter vatn
0,5-1 kg sukker 
1 pakke sitronsyre
1-2 sitronar

Skyll godt av solbærblada og sil av. Kok opp vatn, sukker
og sitronsyre og sjå at alt har løyst seg opp. Eg nytta
0,5 kilo sukker denne runden. Skjær opp sitron
i skiver. Har du økologiske sitronar tek du dei som dei er,
er dei sprøyta så anbefaler eg å skjære av skalet, evnt vaske 
dei godt. Ha blad og sitron over i eit stort glas. Hell over
sukkerlake og la det kjøle ned, før du set det kaldt
ståande i fem døger. Sil så av og hell på reine glas. 
Eg vil nok anbefale å fryse ned om du lagar mykje, eg
tvilar nok på at denne klarer seg på steriliserte glas i romtemp. 


Og ja, eg har allreie prøvesmakt på safta etter berre nokre timar på glas.
Og det smakar betydeleg meir enn sist! Eg gler meg til å gi eit glas
til svigerfar som takk for solbærbusken! 


HERRRRLEGE BØKER!


Eg har nemnd i eit tidlegare blogginnlegg om Mandelmanns
Gård i Sverige, som det vart laga TV-program om. Og ja, dei har
skrive to bøker, som eg no har fått klørne mine i. Det er det som 
er greit med AdLibris.no, der får ein nemleg bestilt bøker frå
Sverige, som ikkje har kome ut i Noreg. 

Eg har absolutt ikkje lest desse ut. Desse bøkene vert for meg årsøker. 
Bøker eg har drøymd om, faktisk drøymd om å lage sjølv, noko liknande.
For dei følger årstider og kva som skal/kan gjerast. Og det eg likar
enda betre, er at dei deler opp i årstider, nei, ikkje fire vanlege årstider, men 
åtte. Eg har lenge tenkt på det med årstider. For det er ikkje berre fire, det er
åtte, evnt fleire. Samane nyttar seg av åtte, tileigna reindrifta. Dei kallar
dei vår, vårsommar, sommar, sommarhaust.. HER står det meir om det om du
er nysgjerrig. Mandelmanns deler opp i senhösten, förvinteren, djupvinteren, tidiga
våren, varmvåren, midsommartiden, högsommaren, tidiga hösten. 
Og dei skriv om alt, alt ein kan drøyme om, knytta til gardsbruk, dyrking, 
lagring, bygging, frukt/grønsaker/bier/bær/dyr. Og ost og is, laga av
fersk mjølk. 
Desse bøkene skal eg kose meg med, året rundt. Og eg hadde også lyst
til å vise nokre sider frå bøkene. Slik at de får ein liten kikk. Kanskje nokon
der ute gledar seg like mykje over dette som meg! 


SJÄLVHUSHÅLLNING PÅ DJUPADAL










MANDELMANNS KÖKBOK







Halvgrove pitabrød


Pitabrød er så utruleg enkle å lage sjølv! Og 
sååå mykje betre, og betre for oss, enn desse plastpakka
me får tak i butikken. Trines Matblogg har ei super
oppskrift, her kjem min variant. 

150 g landkveite/grov kveite
750 g sikta kveite
50 g fersk gjær
6 dl mjølk
1 ts salt
2 ss sukker
2 ss smelta smør

Bland alt saman i ein kjøkenmaskin. Elt deigen på roleg tempo i ca
15 minutt. Dekk deigen med plast og la den heve i 30-60 minutt. Sett
på ovnen på 250 grader. 
Ta den ut på mjøla underlag og slå den ned. Lag ei lang pølse og
del opp i passeleg store bitar. 20 emner er passeleg. Rull dei 
til boller og kjevle ei og ei ut til tynne brød. 




Steik fire brød på eitt brett kvar i fem-seks minutt, til dei er lett
gyldne på toppen, men pass på at dei ikkje vert veldig mørke. 
Då sprekk dei gjerne opp når du skal ete dei. 
La dei skli direkte over på ei rist og avkjøl dei der, samtidig som
du legg nye brødemner på det varme bakebrettet. 

Desse smakar absolutt best heilt ferske og lunka, men 
å kjøle dei ned eller fryse dei ned fungerer også veldig
bra. Min åleinemiddag, bonden er nemleg ute av huset i helga,
og eg feirer med vegetarmat! Så denne pitaen er fylt med ei 
herleg blanding med; smørsurra sommarkål, ovnsbakt aubergine,
hermetisk paprika, soltørka tomat, fersk tomat, rødløk, litt olivenolje
og litt snøfriskost, samt steikt
halloumiost! 



søndag, juni 04, 2017

Vannmelondrink


Dette er ein sabla god drink som eg laga i dag.
Oppskrifta fann eg på Greenbonanza, ein vegetarblogg
som er god på det meste. Eg tok som vanleg mine fridomar
og sprita opp oppskrifta litt. 

VANNMELONDRINK

1 kilo vannmelon
1 sitron/lime
2 ss sukker/evnt ein slant hylleblomsaft/anna god saft
ønska mengde Farris/kolsyrevatn

Del melonen i bitar og køyr den jevn i ein blender. 
Ha over sitronjuice og evnt sukker eller saft. 
Sil av fruktkjøtet og ha oppi ei mugge. Ha over
Farris/kolsyreblanding og bland lett. Ha gjerne 
sitronskiver/limeskiver og isbitar oppi og server 
iskald. 

Her i huset vart denne ein stor hit! Eg laga den på 
ca 2 kilo vannmelon og det forsvann jommen
fort. Skal lagast på ny ja! 




Jordnøttgraving


Det kom fleire kommentarar på innlegget frå Eskeland,
særleg vart det kommentert under jordnøtt. For det er ikkje alle
som er kjend med blomen og at den har ei "nøtt" eller ein knoll
i rota som er etande. Då me gjekk tur i dag visste heller ikkje
bonden min kva jordnøtt var, han trudde bakken var dekka 
av hundekjeks. Og han hadde aldri som liten ete jordnøtt. 
Elleveåringen var også med og eg fekk lære han kunsten. 
Eg har ikkje gjort det sidan eg var lita, det vil sei at eg har
så vidt forsøkt meg på graving men har ikkje lukkast. 


Eg trur kunsten er å sjå an kvar jordnøtta veks. Står ho 
i jord eller i vegkanten kan ho ha lang rot og det er krevande
å grave ut med fingrane. Så om ho står i ei skråning, gjerne 
med mose rundt, då er det muleg lettare å få tak i rota
og nøtta.



Eg trur det aller lettaste er å grave med fingrane. For å følge
korleis stengelen svingar seg. Ein skitten hobby dette her! 


Den største nøtta i dag! Som heng fast i stengel og blom.



Tenkte eg skulle vise eit bilete av kor like hundekjeks
og jordnøtt kan vere. Jordnøtt til venstre og hundekjeks 
til høgre. Hundekjeks vert som regel kraftig og stor. Her
er ein mindre variant, men ein kan sjå at
blada er annleis, liknande gulrotblad kanskje, og stengelen
er lett ruglete. 


Elles ser sjølve blomane ganske like ut, her er jordnøtt
og hundekjeks i same bukett, så 
greit å vite forskjell! Neste igjen, Tromsøpalme, 
har liknande blomar men heilt andre blad. 


Ein full neve med jordnøtter! Då er det enten å finne ein bekk, vaske
dei og gjerne skrape av det brune skalet, det går raskt ved
at ein brukar nagla på dei. Og voila! Nøttene smakar 
nesten som ferske hasselnøtter, muligens bittelitt sterkare
smak i munnen.
Som eg brukar "hashtags" på instagram:
#utogplukkmeddeg
"utoggravmeddeg
#tidåhaustainn