søndag, juni 25, 2017

Å du kjære halloumi (og herlege ricotta)


Sjå kva eg har klart denne gongen! No meistrar eg mozzarella
og då måtte eg jo berre prøve meg på neste gode ost. Halloumi!
Har du smakt det? Ein fast og ganske så salt ost som ein kan steike
eller grille. Du får det på større matbutikkar eller internasjonale
matbutikkar. Eg fekk det for meg på fredag, ordna meg fersk mjølk,
leste meg opp på to litt forskjellige oppskrifter og sette i gong. Det tok
nokre timar og eg småangra litt då eg gjerne også skulle ha vore
ute, men eg angra absolutt ikkje då eg prøvesmaka på osten og
i alle fall ikkje då den vart steikt opp til smaking i dag! 


Fyrst og fremst så er det lurt å ha klart plastboksar. Eg har ikkje 
slike skikkelege slike, så eg bora hol i ein isboks og nokre mindre
sylteboksar. Alt vart reingjort skikkeleg også. 


Eg varma opp 7 liter ferskmjølk til 37 grader. Tilsette så
ca 1-2 ss osteløype. Her varierer oppskriftene, men dette fungerte
berre fint. Sette på lok og lot det stå i rundt ein halvtime. Deretter
skjærte eg opp ostemassen i mindre terningar og rørte lett rundt
mens eg varma opp osten til 40 grader. 


Lurt å vere nøyen med temperaturen.


Deretter silte eg av mysen ved å ha ostemassen i eit
klede. Lot det renne av ei stund og kneppa ut ein
del av resterande væske. 


Ostemassen såg ganske så grei ut som dette også. 



Mysen tok eg vare på og varma den opp til 85 grader. Deretter
hadde eg i alle skivene med ost og lot det ligge i nye 30 minutt,
evnt til osten fløyt opp til overflata. 


Deretter fiska eg ostebitane ut og masserte dei inn med salt.
Her har eg ikkje noko mål på saltet, eg tenker det er betre å 
salte for lite enn for mykje. 


Eg pressa så osten ned og lot mysen renne gjennom hola i isboksen.
Snudde så ostebiten nokre gongar og la press på. Lot den stå
kjøleg i eitt døger. 


Mysen ville eg lage ricotta av, tidlegare har eg berre
laga brunost av den. Og sommartid er meir ricottatid
enn brunosttid spør du meg. Mysen låg framleis på
85 grader og eg hadde opp ca 0,5 dl eplecidereddik.
Deretter lot eg den stå under lok i fem minutt.


Då såg den slik ut og eg kunne byrje på ny og sile av.
Fyrst berre i dørslag og så nytta eg meg heller av sileklede
her også. Ricottaen blanda eg også litt salt inn i og trykka
ned i sylteboksar med hol under. Pressa dei saman og sette
dei også kaldt eit døger. 



Kvit ricotta og gul halloumi. Eg er vant med at halloumien
er meir kvit av seg og litt meir ujevn i formen. Eg pressa den nok
ganske godt. Eg la heller ikkje min i saltlake, det er vel også
kanskje valfritt. 


Så var det berre å dele den opp i skiver og steike i litt god
olje, ha på litt salt og pepar og voila!
Fantastisk godt! Bonden likte det godt også, han kommenterte
at konsistensen minna om kjøt. Og han er kjøtglad!
Halloumi vert nemleg nytta av vegetarianarar som et melkeprodukt
fordi den er ei god kilde til protein. Og feitt også.


Ricottaen var lett og fin, servert med litt god olivenolje, litt krema
balsamico på. Og ein god heimalaga potetsalat med nykål, ovnsbakt
aubergine, hermetisk paprika (ein av mine favorittar), epler og anna godt. 
Og agurk frå drivhuset då. Stas! Stas! Stas! 




4 kommentarer:

  1. Nam! Elsker halloumi
    Du er råflink!

    SvarSlett
  2. Ha aldri smakt halloumi, må se om jeg får tak i det en gang (før jeg vurderer å lage sjøl...). Men det ser i alle fall nydelig ut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må du prøve! Er noko med å kunne steike/grille ost!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!