torsdag, juni 29, 2017

Då var dei her




Eg har nett gått ut på ferie. Og det passa nett fint. For me har nett
fått ut utegrisane våre! Og då er det ferie gitt. Då har eg fått meg ein
ekstra heim på garden, for eg er støtt og stadig borte og heng med
desse herlige her. Det tok litt tid før dei vart trygge på det nye
området sitt, og då tenker eg ikkje på ute. Dei brukar tid på
å bli trygge på skuret sitt og på å sakte men sikkert bevege seg litt og litt
lenger frå skuret. Og så er dei så trygge som berre det. 
Litt utrygge på meg har dei også vore,  men nysgjerrige samtidig.


Så no er prosessen i gong. Sosialisering, kosing, smake på 
godsaker. Her er Buster med ein tur inne på området. Han var
vel mest gira på å leite opp bitar av brød eg ga til grisane enn å 
henge med dei, og vart litt irritert på desse små som lukta han opp
i rompa. Makan til frekkhet. 


Noko av det kjekkaste, henge rundt dei på kveldstid, i låg sol. 
Så fine bilete. 



Fyrste smak av brød og banan. Dei er såå glad i bananer. Og vannmelon. 
Me har prøvd å gi dei mask då Fitjar Gardsmat samarbeider med det lokale
bryggeriet En liten øl. Dei har nok ikkje fått heilt smaken for det enda, men
det går seg nok til. 


Me skulle ha ut åtte grisar. Men denne vesle karen her tok Sverre ut i tillegg. 
Difor kallar eg han berre Bonusen. Han er så herleg kar!


Denne snodige her med hengeøyrer. Og eit lurt smil.


Og muleg årets favorittgris. Den einaste som er skikkeleg farga av dei. 
Møt Skjønnheita, eller "skjønnheten" som eg kallar den. For eg snakkar jo
ikkje nynorsk. Det kjem vel frå "skjønnheten og udyret" tenker eg, så kven 
er no udyret? Uansett, sjå om du ser den svarte eye-lineren og dei lange svarte
augevippene. Kanskje ikkje så godt å sjå på dette bilete då. Men denne dama
her er til å ete opp. Og ho er nok den som er mest sosial med meg, så eg trur
dette vert ein ekte kosegris!

Dett var dett for denne gong, men som de skjønar så vert det nok ein del
grisete bilete utover sommaren! Og på instagram for de som følgjer meg
der. Og det er no berre kjekt, syns no eg. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!