torsdag, juni 29, 2017

Den ultimate sommarkaka


Stadig vekk har eg nye oppskrifter på lur. Og stadig vekk skryt eg
av bakverket og meiner dykk burde bake det også. Men eg finn jo
stadig på nye måtar å gjere ting på, nye kombinasjonar og smakar og
vips så er eg jo igjen i skrytemodus. Så berre unnskyld meg, men eg
meiner med heile mitt hjarte at de burde bake denne her!

Eg har vore i hagen, nærare bestemt i traktordekkrabarbrabedet mitt, og
plukka inn nokre stilkar. Eg tenker at rabarbra, den har ikkje nødvendigvis
ein best-før-dato. Skal ein safte eller bake så funkar den like godt no, 
sjølv om sankthans er over og den i teorien er trevlete og ubrukeleg. 
Om ein plukkar ein-to stilkar om gongen så vil den prøve å få fram fleire
og ein kan halde den lenger. 
Jordbæra har også kome, men dei er såpass dyre at dei passar best som
dessert eller rett i munnen. Så eg har funne meg heimalaga 
jordbærsyltetøy frå frysen, frå i fjor, det smakar like godt. 
Elles har eg også nytta uraffinert (økologisk) sukker, dette er ikkje nødvendig,
men det gir littegrann ekstra smak, og ørlite grann meir næring enn heilt kvitt
raffinert sukker. Sikta øko spelt har eg også brukt, for det har eg også nett
fått tak i nokre kilo av. Littegrann snillare for magen. Så her kjem oppskrifta!

DEN ULTIMATE SOMMARKAKA
200 g romstemperert smør
200 g sukker, gjerne uraffinert eller 50/50 kvitt/brunt
2 store romstempererte egg
200 g sikta spelt eller kveite
0,5 dl mjølk/fløyte
1 ts bakepulver
2 ts ekte vanilijesukker
4-5 stilkar rabarbra
ferske jordbær eller frosne/jordbærsyltetøy

Start med å skjære opp rabarbra i tynne skiver. Gjerne dagen før. 
Dryss over vaniljesukker og gjerne litt ekstra sukker og la dette marinere
seg ei stund. 
Sett ovnen på 180 grader. Visp sukker og smør lyst. Ha i eitt egg
om gongen og visp godt. Bland så inn mjøl og bakepulver. Bland til
slutt inn mjølk for ei jevnare røre. Ha røra i ei smurt form og legg oppå
rabrabra og jordbær. Trykk det lett ned i deigen. Dryss gjerne over
litt ekstra sukker, eg nyttar demererasukker, for ei ekstra sprø og god
overflate på kaka. Steik i ca 30-40 minutt, bruk ein trepinne til 
å sjå om kaka er ferdig. Ta ut og avkjøl, den kan etast lunken
eller kald, åleine eller attåt god is. God kakesommar fine bakefolk! 

2 kommentarer:

  1. Gode slektning!
    Fine grise-bilete!
    Har de tilfeldigvis smågriser til sals? Eller tips om kvar me kan få tak i?
    Helsing Øystein i Kvinnherad (sms 41607381)

    SvarSlett
  2. Hvem kan vel motstå å prøve den ultimate sommarkaka. :) Har noen stilker rabarbra som jeg venter på skal vokse sg litt større etter at de første er høsta inn.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!