søndag, juni 04, 2017

Jordnøttgraving


Det kom fleire kommentarar på innlegget frå Eskeland,
særleg vart det kommentert under jordnøtt. For det er ikkje alle
som er kjend med blomen og at den har ei "nøtt" eller ein knoll
i rota som er etande. Då me gjekk tur i dag visste heller ikkje
bonden min kva jordnøtt var, han trudde bakken var dekka 
av hundekjeks. Og han hadde aldri som liten ete jordnøtt. 
Elleveåringen var også med og eg fekk lære han kunsten. 
Eg har ikkje gjort det sidan eg var lita, det vil sei at eg har
så vidt forsøkt meg på graving men har ikkje lukkast. 


Eg trur kunsten er å sjå an kvar jordnøtta veks. Står ho 
i jord eller i vegkanten kan ho ha lang rot og det er krevande
å grave ut med fingrane. Så om ho står i ei skråning, gjerne 
med mose rundt, då er det muleg lettare å få tak i rota
og nøtta.



Eg trur det aller lettaste er å grave med fingrane. For å følge
korleis stengelen svingar seg. Ein skitten hobby dette her! 


Den største nøtta i dag! Som heng fast i stengel og blom.



Tenkte eg skulle vise eit bilete av kor like hundekjeks
og jordnøtt kan vere. Jordnøtt til venstre og hundekjeks 
til høgre. Hundekjeks vert som regel kraftig og stor. Her
er ein mindre variant, men ein kan sjå at
blada er annleis, liknande gulrotblad kanskje, og stengelen
er lett ruglete. 


Elles ser sjølve blomane ganske like ut, her er jordnøtt
og hundekjeks i same bukett, så 
greit å vite forskjell! Neste igjen, Tromsøpalme, 
har liknande blomar men heilt andre blad. 


Ein full neve med jordnøtter! Då er det enten å finne ein bekk, vaske
dei og gjerne skrape av det brune skalet, det går raskt ved
at ein brukar nagla på dei. Og voila! Nøttene smakar 
nesten som ferske hasselnøtter, muligens bittelitt sterkare
smak i munnen.
Som eg brukar "hashtags" på instagram:
#utogplukkmeddeg
"utoggravmeddeg
#tidåhaustainn


5 kommentarer:

  1. Ønskeinnlegg! Takk for kjempefin info! Og da kan eg kanskje finne jordnøtt eg og
    Spennende!

    Klem fra Kleiva

    SvarSlett
    Svar
    1. Ut og leite med deg! Kanskje du finn det langs ein gard i nærleiken?

      Slett
  2. Jordnøtt veks gjerne i gammal eng /bakkar, og det vert ikkje høge og store planter slik Hundekjeksen blir (Hundeslenge kallar vi det her). Jordnøttplanta ser sartare og meir pinglete ut en Hundekjeksen. I dag var vi på tur på ei øy med mykje gammal eng, og der var det kvitt i kvitt med jordnøtter. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for godt innspel! Stemmer at hundekjeks veks seg stor og kraftig, men dei kan også vere små slik som jordnøtta, og det var det eg ville vise likheita på. Hundekjeks er no heldigvis ikkje farleg. Det er flust av jordnøtt på garden på Eskeland og også veldig mykje langs nabogarden her. Men mindre på bakkane på garden vår. Nydeleg syn og lukt!

      Slett
  3. Har hatt "jordnøttbriller" på siden sist, men ennå ikkje funne ei einaste ei
    Er de spiselige sålenge de blomstrer tro?

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!