lørdag, juni 03, 2017

Rabarbrasnurrar


Visste du at rabarbra kan nesten brukast til alt? Kombinasjonen av
søtt og syrleg er uslåeleg. Til og med i gjærbakst gjer den seg godt! 
For i går testa eg nemleg ut noko nytt, boller med marsipan og 
rabarbrasyltetøy! Dei var rett og slett fantastisk gode og skal nok lagast
på ny ein gong! Difor får eg skrive ned oppskrifta slik at eg har ho
til neste gong. Bollene hadde også litt havremjøl i seg som gjer at
det er litt meir fiber og ikkje berre kveiteluft. Men dei kjendes ikkje
grove ut i det heile. Litt mindre sukker enn vanleg gjorde også berre
godt. Her kjem oppskrifta mi!

Rabarbrasnurrar

900g sikta kveitemjøl
100g havremjøl
100g sukker
1 egg
5 dl mjølk (gjerne 1dl som surmjølk)
50g gjær
150g smør i terningar
Ein pakke ekte marsipan/kransekakemasse
rabarbrasyltetøy
romstemperert smør
egg til å pensle
demererasukker/perlesukker til å strø over

Lag rabarbrasyltetøy ved å skjære opp rabarbra i tynne skiver, 
kok i 5-10min over svak varme saman med sukker og evnt
ein liten skvett vatn. Avkjøl.


Bland saman alle ingrediensar og kjør saman i ein kjøkenmaskin. Elt
deigen i 15 minutt. Ha så i 150g kaldt smør i terningar og elt smøret
godt inn. La så deigen kvile med plast over i ein time/til dobbel 
storleik. Ta deigen ut og kjevle tynt. Smør på romstemperert smør
utover, bruk ei rasp til å høvle marsipan utover deigen og
legg så på syltetøy. Det kunne nesten sjå ut som det var ein stor
pizza som var klar for ovnen. 


Rull deigen forsiktig saman og skjær i skiver som du forsiktig legg på
bakepapir. Eg skjærte rullen med ein kniv og brukte så ei deigskrape til
å flytte bollene frå bordet til bakepapiret med. Det vart til saman tre bakepapir
med boller. Dekk med plast og la dei heve ein ny time. Sett ovnen på
175 grader. Pensle bollene med vispa egg og strø gjerne over litt
sukker for litt krønsj. Steik bollene til lett gyldne, ca 15 minutt. 


Nam! 


1 kommentar:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!