søndag, juni 18, 2017

Sommar no



Rar tittel kanskje? Det er ei meining bak det. Dei som følgjer meg på
instagram fekk sjå bilete nederst med ein liten tekst om å nyte tida no.
Ei lita påminning til meg sjølv og til andre, vel kanskje mest til meg 
sjølv. Eg kjenner det att når eg småpratar med folk rundt om. I småprat
snakkar ein fort om vêret og sommarvêr er intet unntak. Her har det vore
småkjøleg og regn helst, og me er vel som regel alle litt småredde
for at det er slik sommaren vert. Elles så snakkar ein gjerne om
kor tid ein har ferie, kva ein skal osv. Det er så fort gjort å definere 
sommaren som det som kjem, ferien som kjem, ferien som er men 
går så fort, regnet som er eller som skal komme. 
Men, sommaren, eller i allefall vårsommaren, starta her for
lenge sidan. Sommaren er så absolutt til stades. Den er der med 10-12
grader til morgonen, eller tjueseks grader der me ikkje veit kor me skal gjere
av oss. Den er der når det regnar eller er overskya, like mykje som i 
sol eller solgløtt. Ute er det så grønt, det er så frodig, det er så mange
lukter. Sommaren går over på eit blunk om ein ikkje klarer å lande i den,
og det trener eg meg på. Kvar dag. Når eg syklar til jobb og plukkar 
sykkelen full av blomar. Og veit ikkje kvar eg skal plassere desse når eg 
kjem heim. Når eg traskar (merk; ikkje fartar lenger) på min daglege
tur med Bust og Frensur, med saugene eg helsar på, kyrne på beitet på
nabogarden, reine blomeenga. Når eg brukar berre fingrane til å grave
opp ei rot av ein eller anna blom eg vil ha med heim, konstant
skitten rundt neglene, når eg gløymer alt og alle og er berre akkurat der. 
Når eg stoppar opp og høyrer fuglesongen, var det ein ny fugl? 
Sjå der var gauken, der var to skogsduer. Kjenner at det er 
ikkje så kaldt allikevel, og når sola kikkar innom så varmar det opp
alt på eit blunk. Ein treng ikkje å vere ute heile kvelden og gå seint 
til sengs for å nyte sommaren. Men vere litt i det kvar dag, om ein har 
ferie eller ikkje, om det er kaldt eller varmt, sol eller regn. 
God sommar. 

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for påminninga! Det er så lett at dagane bare flyr rett forbi når det regnar og er grått. Eg smilar kvar gong eg høyrer gauken, og prøver å puste med magen når eg er stressa, men det er så utruleg fort gjort å gløyme å stoppe opp i kvardagen. Eg la orda dine på sinnet, og ser fram mot sommaren uansett vêr :-D

    SvarSlett
  2. Amen, eller word! som det heter på "nynorsk". Man må være der man er, ikke alltid et annet sted i tankene.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!