torsdag, juni 01, 2017

Sommarkjensler


Nokre late dagar på Eskeland. Verkeleg eit hytteliv. Der finn
eg skikkeleg roen om dagen! Sjølvsagt pendlar eg til jobb som vanleg,
men kjem heim til det stille. Til saugene rundt, Buster som heng i hagen,
lukter og blomar og hagejungelvandring og gardsvandring. 
Inngongspartiet er saugesikra. Denne grøne og tunge benken klarar
lamba å flytte på mellom kvar gong eg er her. Jommen har dei stå-på-vilje!
Blomane må henge høgt for at dei ikkje kjem til. 


Ingenting er som å gå opp på haugane og vere med saugene. 
Sjå ut over sjøen.


Døra står alltid open på denne tida, men det
må eg jommen meg passe på. Ein saug tok nett turen
inn for å sjekk tilhøva innandørs. Og lamba er nok ikkje
vonde å be dei heller. 


Nesten ikkje løvetann att, dei frøar seg allereie. Men no er bakkane
fulle av jordnøtt. Og det luktar søtt. Då eg var lita gravde eg opp
røtene og knaska dei i meg. Eg prøvde meg på det no også
men det er jommen ikkje lett å grave opp ei rot med berre fingrane,
utan å slite av stilken. Men det er ein plan for sommaren!


Har du ete jordnøtt nokon gong? 




Saugene kosar seg i det grøne. 


Og det gjer eg også. Kjøkenvindauget fyller seg jommen
meg raskt opp av forskjellige blomar. Og det luktar av
liljekonvall og pinseliljer på kjøkenet. 
Takk for denne gong gamlahuset og Eskeland! Sjåast
snart att. 

9 kommentarer:

  1. Hei Ingvild, flott sommerstemning.
    Å ja, eg har spist jordnøtter, lenge siden nå.Tror det er ein hemmelighet få vet om.
    Savner spælsauene våre, ein jobb å holde vekk osp, og anna kratt fra beitelandet, hestene er ikkje så flinke til å beite fint.

    Ha ein fin sommer, Klkem fra Frøydis.
    (Mira).

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre at du har ete det! Sikkert då du var liten? Eg må ut og sjå om eg får opp ei nøtt i dag eg tenker eg! Ein nydeleg sommar til deg også!

      Slett
  2. Jordnøtt har jeg aldri prøvd, må sjekke om det finnes her. Uansett må jeg nok vente, for her slipper ikke våren riktig fram enda, og alt er forsinka.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må du gjere! Håpar det kjem sol og vår til dåke no! Ser det var meldt fint i helga i nord!

      Slett
  3. Ååå så fiiint du har det på Eskeland! Skjønner godt at du finner roen der!
    Jordnøtt har eg aldri spist nei, kjenner ikke til plante med det navnet. Hva heter den "egentlig"?
    Nå er det langfri, håper du får fine dager til tross for dårlige værutsikter
    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Den heiter jordnøtt! Evnt latin: Conopodium majus. Om det skulle hjelpe ;-) Har nok fått namnet sitt fordi den har ei "nøtt" som rot. Eller ein knoll som kanskje er meir rett då. Smakar godt, men er litt putlete å grave opp :-)

      Slett
  4. Jordnøtter åt vi som born :-)

    God Sommar!

    SvarSlett
  5. Skal holde øynene åpne fremover, jordnøtt må smakes!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!