søndag, juni 25, 2017

Tid for mygg


Eg er ei av dei som myggen elskar. Som knotten elskar. Som kleggen diggar. 
Som til og med bier og veps og hestebrems/kugklegg (jepp!) tar seg
ein ekskursjon på. Og eg er allergisk. Det vil sei, eg definerer meg ikkje som
det, eg vert jo ikkje skikkeleg dårleg, eg får berre veldig store stikk som 
gjerne klør intenst ei veke. For nokre år sidan gjekk eg med allergimedisin
på meg, særleg etter hestebremsstikket mitt som laga ei ekte Kim Kardashianrompe 
på meg, men det gidd eg berre ikkje no. Men her på Sæterbø er det både knott og mygg,
og klegg er det borte med utegrisane og ved elva. Og oppe på Sæterbø.
Så no er eg klar for å ikkje få fleire stikk, så eg har laga mitt eige 
middel. Etter oppskrift frå Alexandra frå Strömsö, eller "hygge i Strømsø"
som det heiter når det går på NRK. Eg nytta tørka pors og dekka den med
rein sprit. Det lot eg stå 2-3veker før eg silte av blada. Flaska har eg gøymt på
ein mørk stad mens litt av den har eg fylt ei lita sprayflaske med. Halvparten
porstinktur og halvparten reint vatn, deretter ca 10-20 dråpar med eterisk olje. 
Eg hadde lavendel, men geranium, bergamott og citronella er også å anbefale. 
Så er det berre å spraye på før eg skal ut i hagen eller ut på tur, særleg i klamt vêr. 


6 kommentarer:

  1. Er veldig spent på dette, får vel høre om det er suksess?

    SvarSlett
  2. Også veldig spent på om det virker. Hvis ikke er mitt beste tips og flytte til et sted ved sjøen, gjerne med mye nordavind. Da er dette et ikke-eksisterende problem. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så er det det å komme på å spraye på seg før ein skal ut.. Har framleis ikkje fått brukt den! Men den skal med på ferie neste veke også er no grisane ute, og då måå eg bruke den!

      Slett
  3. Skvis ein halv lime over tre iskuber i eit glas, ein klunk med vanlig Gin, fyll opp med Schveppes Bitter Lemon. Kos deg med eit glas før du går ut, fyll på og sup litt no og då... ;-) Myggen likar ikkje sitrus.(sikkert ikkje Gin heller... )Kremt, passar vel best "til fest og fritid" men det fungerer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha...eg er ikkje så veldig på alkoholen, men kan gjerne ta meg ei sitronskive i ny og ne ja! Så det skal eg prøve! Takkar for tips!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!