søndag, juni 04, 2017

Vannmelondrink


Dette er ein sabla god drink som eg laga i dag.
Oppskrifta fann eg på Greenbonanza, ein vegetarblogg
som er god på det meste. Eg tok som vanleg mine fridomar
og sprita opp oppskrifta litt. 

VANNMELONDRINK

1 kilo vannmelon
1 sitron/lime
2 ss sukker/evnt ein slant hylleblomsaft/anna god saft
ønska mengde Farris/kolsyrevatn

Del melonen i bitar og køyr den jevn i ein blender. 
Ha over sitronjuice og evnt sukker eller saft. 
Sil av fruktkjøtet og ha oppi ei mugge. Ha over
Farris/kolsyreblanding og bland lett. Ha gjerne 
sitronskiver/limeskiver og isbitar oppi og server 
iskald. 

Her i huset vart denne ein stor hit! Eg laga den på 
ca 2 kilo vannmelon og det forsvann jommen
fort. Skal lagast på ny ja! 




2 kommentarer:

  1. Så veldig godt ut! Men den kan kanskje ikke stå så lenge før den bør drikkes?

    SvarSlett
    Svar
    1. Er nok ferskvare ja. Her fyller eg på med vatn og litt saft når det snarter tomt og jommen smakar det vannmelon enda! Må kjøpe meir melon, herleg tørstedrikk!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!