onsdag, juli 26, 2017

Bærsommar


Om det ikkje skjer så mykje ein sommar, tek du frå meg bærgleda så 
tek du frå meg sommaren! Så bær, plukking, små sylte- og safteprosjekt
er gull verdt for ei bondejente. Som nesten har fått dette inn i 
oppdragelsen vil eg no sei. 


Eg har ikkje vore til Eskeland enda så eg veit ikkje korleis det står
til der. Men me har ein liten busk her i hagen og den ga litt bær
frå seg i år. Forhåpentlegvis enda meir til neste år! 


Jorbæra våre har me no berre plukka etterkvart. Her er ein liten handfull
snacks til teppet i hagen i sola. (Der eg ikkje vart liggande så lenge før
kleggen åt meg opp!)


Ferdig hylleblom- og jordbærsaft klar til siling. Så enkelt å lage og
sikrar herleg sommarleg drikke til resten av året. Me blandar det
med kolsyrevatn og det vert reine brusen eller drinken om du vil.


Bringebærtid. Dei poppar opp rundt om kring. 



Kvart år pleier eg å kjøpe lokale jordbær på torget og lage syltetøy. 
I år har eg ikkje vore på torget gitt, og høyrer rykte om at det ikkje
har vore flust av bær i år. Men fekk tak i nokre bær frå Hedmarken
på den lokale Sparbutikken her, litt dyrare, men angsten for å ikkje ha
jordbærsyltetøy i frysen er høgare! :-)


I går traska eg hundeluftingsturen min nede på Fitjar og ut mot Vestbøstad. 
Der kom eg over masse og store og fine bringebær. Eg hadde berre
med meg ein hundepose men plukka flittig i den, til hundane sin
store kjedsomhet. Kvart år vert eg like forundra over at folk flest ikkje
plukkar bringebær rundt om. Desse her sto ikkje langs ein traffikert veg
ein gong. Fekk nokre smil når eg plukka, håpar det inspirerte folk! 


Bringebær i forskjellige former. Hylleblomsaft med jorbdær og bringebær, rein
bringebærsaft som ikkje er så søt (skal frysast) og kladdkaka med bringebær på gong.
Små prosjekt som er enkle å lage til, ein må berre ha lyst! 


Mjødurtsafta mi med jordbær i. Har faktisk ikkje smakt mjødurtsaft før. 
Den var god, men ganske spesiell på smak. Anbefaler å smake det, naturen
er der for å nytast på ulike vis!


Eg gjorde som bestemor, eg sette meg på ein stol (ho nytta ein krakk) og plukka
rein den vesle solbærbusken. Det vart nesten ein kilo med bær. Det mest luksuriøse
med solbær er å lage gele av dei syns eg. Og det vart ca ein halv liter solbærgele til 
slutt. 


Den store solbærgeletesten. Etter å ha kokt den inn med sukker skal ein sjekke om den
er stiv nok ved å ta ei skei på eit kaldt fat, dra ei skei over og sjå at det ikkje
renn saman att. 

Ha ein god bærsommar vidare finfolk! 
#utogplukkmeddeg
#tidåhaustainn

Svensk kladdkaka



Ikkje mykje fart i meg her, men det er fort gjort å ta turen ut på tunet,
finne nokre bringebær, røre saman ei god røre og hive ei enkel kake inn
i ovnen! Både fordi eg sjølv har lyst på og fordi grisebonden med to ungar
kjem heim i morgon! Dei har faktisk vore på ferie i over ei veke så det vert
stas å få dei heim att! Og eg veit at dei to yngre (11 + 17) elskar brownie. 
Oppskrifta fann eg på bloggen Baka med Frida, som eg har fulgt ei stund. Flink
jente det der! Litt justeringar vart det og her kjem mi oppskrift! 

Svensk kladdkaka med bringebær

3 egg
2 dl sukker (gjerne 1 dl brunt/1 dl lyst)
2 ts vaniljesukker
0,5 dl kakao
1, 5 dl sikta kveitemjøl eller spelt
100 g smør
ei lita klype salt
2-3 dl bringebær

Set ovnen på 160 grader. Kle ei form med bakepapir. Smelt smør
og avkjøl. Så er det berre å røre saman egg og sukker, deretter
det tørre og til slutt smøret. Det vert ei seig røre. Hell over i forma
og dryss over bringebæra. Trykk dei lett nedi. 
Steik kaka på 15-20 minutt alt etter korleis du likar kaka. Ei ekte 
kladdkaka skal vere fast i fisken rundt kantane og litt lett dissande
i midten. Eg vil helst ikkje ha ho for dissande og eg steikte ho littegranne
ekstra slik at ho vart bittelitt seig men ikkje klissete inni. 



Frensur måtte sjekka bakverket og det falt nok ikkje
for hans smak! 

fredag, juli 21, 2017

Årets sommar



Jau, den vart anneleis den! Fyrste sommar på lenge eg ikkje har planlagt
eit oppussingsprosjekt enten på Sæterbø eller på Eskeland. Sjølvsagt er det
ting som burde gjerast både her og der men i år har ikkje behovet lagt så sterkt
over meg. Og kanskje ikkje inspirasjonen heller. Og det var kanskje ei 
meining bak det. For formen har ikkje vore på topp. Ein kraftig 
augebtennelse, antibiotikakur og muleg noko anna tull i kroppen har sett
sine spor i denne sommaren. Det gode med det, jau, ein må alltid leite etter
det gode i det dårlege, er at eg har to herlege hundar som eg må ut på tur med,
to kattar som i lag med hundane gir action i heimen, kroppen får slappe av som 
jo ikkje alltid er sjølvsagt i alle prosjekt eg har på gong. Det dumme er at eg 
vert sabla lei av å ikkje ha energi, saknar inspirasjonen og 
kreativiteten min og kroppen vert stiv og støl av null niks yoga. 
Kva kan ein gjere? Prøøøøve å tenke positivt og håpe
at formen vert betre om ikkje så lenge! Glede seg til å vere frisk og rask, glede 
seg til å kjenne kreativiteten vekse seg fram og prosjekta bli mange att. 


Og så kan eg glede meg over desse. Dei fyrste ringblomane blømer i hagen her no.
Har sådd ringblom og blomkarse av frø og dei gir dei finaste gule, oransje og raude
fargane. 


Bringebæra er på veg. Har smakt nokre på turvegen, men her på garden
har dei ikkje modnast heilt enda. 


Fekk tak i nokre jordbær hin dagen, det har visst ikkje vore
flust av det her i vest. Og har fått satt ein balje med hylleblom- og
jordbærsaft. Årets jordbærsyltetøy ser det verre ut med førebels. 


Hin kvelden køyrde eg til sjøen og plukka fire (!) desiliter med villjordbær.
Millehunden tassa med på turen og fekk kjenne nye lukter. Burde vel kanskje
laga syltetøy av så stor porsjon, men det gjekk rett i magen med eggedosis på
gitt. 


Årets finaste sommarbukett. Til no. Masse blåklokker her i år. 
Og har oppdaga ein annan blom eg også har lagt min elsk på,
nemleg fagerperikum. Herleg med både oransj og gult i ein blom. 
Og, når ein ikkje er i beste formen, så er det å plukke blomar
eller litt bær heilt nødvendig på tur, då stoppar ein litt opp og 
gløymer korleis ein føler seg. Og så føler ein seg bittelitt betre
resten av turen! Eg lovar! 


Action i huset. Det er mange forhold som skal testast og finnast ut av. 
Er me venner, fiendar, leikekameratar eller berre plagsomme med kvarandre?




Og kven kan vel ikkje bli glad i den frøkna her. Som spring rompa av seg
ute på tur og som diggar å roe heilt ned innandørs. 

Så ja, sommaren vart ikkje heilt som den skulle, den vert jo eigentleg aldri
det. Men til tross for dårleg form så gjer ein no det beste ut av det, og så
vert det lyspunkt dagleg uansett! 


Grisenytt juli



Då har dei vore ute i grisehagen sin i nesten ein månad. Tida har gått fort og
større har dei blitt også. Den minste, Bonusen, er faktisk ikkje så lett å finne
lenger for den har vakse seg nesten like stor som dei andre. Veldig godt å sjå!


Frå å vere litt usikre og småredde så har dei blitt meir klengete av seg. 
Det også til tross for at grisekosansvarlege meg var vekke ei god veke.



Min favoritt, Skjønnheten som eg kallar ho, byrjar å bli ein ekte 
kosegris. Sjekk desse augevippene då! Me kan no i alle fall
kalle dei det, dei er flotte! 


Ein liten tur bort til dei i kveldinga. 


 Bananfest. Alltid bananfest her. Og når me fekk donert ein heil
banankasse var det skikkeleg fest. Dei fekk ikkje alt på ein gong
altså, slik vert det fest kvar dag! Absolutt favoritten deira. 


Og skjønnheten ja. Ho gjorde som godgrisen i fjor, ho hoppar no opp
på ryggen min! Eg vert litt skitten på ryggen gitt, men kva gjer no det?
Ikkje er ho så tung heller, så dette er berre gøyalt! 
To be continued. 

torsdag, juli 13, 2017

Nytt familiemedlem



Me aukar opp familien her på Sæterbø! Tidlegare i sommar kom kattungen
Frøken og no er det hunden Mille som har fått seg ny heim. 
Mille kjem frå Haugesund, er tre år gammal og er av rasen
dansk-svensk gardshund. Ho er faktisk mindre enn Busten, no er han 
ikkje lengre minsten, men ho har mykje meir fart i seg enn han. 


Prøvde oss på litt jogging nedover vegen her i går og Mille var fyrst,
deretter meg, så kom Busteren, som nok er litt tjukkas for tida. 


For nokre veker sidan så var Mille på besøk med eigaren sin, og me hadde
ein veldig fin dag. Og Mille gjekk veldig greit overens med både hundar og kattar 
her. Så det var ein grei sjekk på om dette ville gå bra. 


Men jommen er det ein del dyr å bli kjend med på garden her. 
Grisane er jo av det eksotiske slaget. Det var nok både spennande
og skummelt på ein gong. 


Eg har lenge tenkt tanken på å få ein hund til. Men har ikkje teke
det store steget. Men eg veit at livet er sårbart og me veit ikkje kor
lenge Busteren vil vere her, han er jo faktisk ni år no. Og livet
er jo faktisk her og no, livet her på Sæterbø er stabilt og fint. 
Og dyr er det som gir meg mest ro og glede. Så då hoppa eg i det,
og angrar ikkje! Har allereie byrja å bli veldig glad i denne jenta
her og det ser eg guten i huset også er. Og ho har overraskande fort
blitt trygg på oss. 


tirsdag, juli 11, 2017

Blomeinspirasjon


Til tross for dårleg form i kroppen, om eg kom meg ein liten tur ut så
forsvann nesten det dårlege ved at eg kikka på dyr eller på blomar,
gjekk fullt og heilt inn i det. Plukke blomar altså, noko av det beste
eg veit. Mange fine blomar på Koster. 


Ein type store blåklokker. 


Store lilla blomar.


Det var også ein variant av blåknapp der. Berre mykje større.



Tirilltunge som matchar neglelakken. 



Ein stor blom som minna om løvetann. Lurar på kva dette er. 


Strandnellik overalt. 


Kjempeliljekonvall mon tru? (eg sneik meg til nokre frøkapslar eg)


Det skal vere mange typar ville orkidear her. Eg lurar meg på om dette er 
ein type, men eg er usikker. 


Vivendel, kanskje ikkje så sjeldan her heime, men her nede vaks den
over alt. Langs med vegen og på bakken, ute på beitemarkene her og der. 
Og lukta låg i lufta heile tida, heilt herleg. 



Nydelege nyperoser blant beitande kyr. 


Denne har eg ikkje sett før. Fin og gul. 


Strandnellik, den reine lukta av sommar. Måtte plukke med meg
nokre slike. 


Blomeeng av prestekragar. 




Valmuer kom eg også over her og der. Og fekk plukka med meg nokre
frøkapslar frå ville valmuer. Som eg håpar eg kan tørke og få liv i til neste år.
 Plukka med meg diverse andre frø også, får sjå kva det vert til!