tirsdag, juli 11, 2017

Årets ferietur


Då har eg nett kome meg heim etter årets ferietur. Eg og Marianne
frå Toten valte Koster i Sverige som årets tur. Det var svensk øyliv som
lokka oss ut.  Til tross for at dette er nabolandet så brukte eg faktisk ein
heil dag på å komme meg over! Og Koster, som er ei lita øy utanfor Strømstad,
møtte oss med sol og vind. Og ikkje så mykje folk. 



Ei nydeleg øy som minna ein del om vestlandet men hadde også strender
og svaberg, gardar og dyr. Og den er bilfri, til tross for at du kan møte på
ein sjeldan bil, traktor og ein bitteliten buss på vegen. Men mest syklar. 


Eg vert så hjartansglad når eg treff på dyr. Som desse fine kyra som
beita nede med sjøen. Og kalv som amma mora. 


Ein dag takla eg å vere på stranda. Men med vind og plutselege vindkast
med sand i heile ansiktet så vart det berre bergliv framover. Og det
er no det eg likar best også. Men mykje fine skjell i sanden som me har 
plukka på. Det er mindfulnessen sin det. 


Utsikt frå Nord-Koster. Koster er eigentleg fleire øyar, med to hovedøyar. 
Sør-Koster er størst og har flest fastbuande. Nord-Koster er ei vandringsøy,
som betyr at ein helst ikkje skal sykle der heller. Det var ulik energi på desse
to øyane, og det kjendes også lunare på Nord-Koster. 


Det bur ca 300 fastbuande på øyane. Om sommaren aukar det opp
med ein del turistar, både svenske og norske, men også nokre andre. 
Ei kabelferje går mellom dei to øyane, ei lita gul ferje som tok eit blunk.





Mange vegar å bli kjend med på øya. Og dei var som regel godt merka. Og eit
herleg liv å sykle rundt her, på enkle sykkel med ein gir. 




 Eller det rolege sjølivet. Barnefamiliar som fiska etter krabbar. Ikkje flust
med folk på strendene, det var faktisk få som bada i det heile. Men folk
tok det med ro. 



Min favorittplass. Eit stykke å sykle inn frå "hovudvegen". Og så eit stykke å 
gå, inn på beitemark og mellom kyr og sauge. 





Feriens lesestoff. Som passa godt. Boka om yoga girl som fann sitt liv i
yoga og meditasjon. Me hadde planar om å trene yoga både sjølv og organisert,
fleire tilbyr nemleg yoga der ute. Men etter nokre solhelsingar og deretter
heftig augebetennelse, diarè, feber og leddverk og anna, feriens eigen 
miks av "ta-det-no-med-ro"-symtpomar så vart det ikkje så mange
sprell. Men det viktigaste var at livet var roleg, kroppen vart roleg,
sjela vart roleg, blomeplukkemindfulnessen kosa seg, me fekk oss litt 
loppiskjøp og litt god mat. Og me lo masse. Akkurat slik som ein ferie skal vere. 


2 kommentarer:

  1. første sommer på 14 år vi ikke har vært på koster så fint å se bilder på bloggen din:-)!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har dåke reist der i så mange år? Ja, då må det vere rart å ikkje reise i sommar! Var kanskje meininga at eg skulle reise og legge ut bilete då! ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!