onsdag, juli 26, 2017

Bærsommar


Om det ikkje skjer så mykje ein sommar, tek du frå meg bærgleda så 
tek du frå meg sommaren! Så bær, plukking, små sylte- og safteprosjekt
er gull verdt for ei bondejente. Som nesten har fått dette inn i 
oppdragelsen vil eg no sei. 


Eg har ikkje vore til Eskeland enda så eg veit ikkje korleis det står
til der. Men me har ein liten busk her i hagen og den ga litt bær
frå seg i år. Forhåpentlegvis enda meir til neste år! 


Jorbæra våre har me no berre plukka etterkvart. Her er ein liten handfull
snacks til teppet i hagen i sola. (Der eg ikkje vart liggande så lenge før
kleggen åt meg opp!)


Ferdig hylleblom- og jordbærsaft klar til siling. Så enkelt å lage og
sikrar herleg sommarleg drikke til resten av året. Me blandar det
med kolsyrevatn og det vert reine brusen eller drinken om du vil.


Bringebærtid. Dei poppar opp rundt om kring. 



Kvart år pleier eg å kjøpe lokale jordbær på torget og lage syltetøy. 
I år har eg ikkje vore på torget gitt, og høyrer rykte om at det ikkje
har vore flust av bær i år. Men fekk tak i nokre bær frå Hedmarken
på den lokale Sparbutikken her, litt dyrare, men angsten for å ikkje ha
jordbærsyltetøy i frysen er høgare! :-)


I går traska eg hundeluftingsturen min nede på Fitjar og ut mot Vestbøstad. 
Der kom eg over masse og store og fine bringebær. Eg hadde berre
med meg ein hundepose men plukka flittig i den, til hundane sin
store kjedsomhet. Kvart år vert eg like forundra over at folk flest ikkje
plukkar bringebær rundt om. Desse her sto ikkje langs ein traffikert veg
ein gong. Fekk nokre smil når eg plukka, håpar det inspirerte folk! 


Bringebær i forskjellige former. Hylleblomsaft med jorbdær og bringebær, rein
bringebærsaft som ikkje er så søt (skal frysast) og kladdkaka med bringebær på gong.
Små prosjekt som er enkle å lage til, ein må berre ha lyst! 


Mjødurtsafta mi med jordbær i. Har faktisk ikkje smakt mjødurtsaft før. 
Den var god, men ganske spesiell på smak. Anbefaler å smake det, naturen
er der for å nytast på ulike vis!


Eg gjorde som bestemor, eg sette meg på ein stol (ho nytta ein krakk) og plukka
rein den vesle solbærbusken. Det vart nesten ein kilo med bær. Det mest luksuriøse
med solbær er å lage gele av dei syns eg. Og det vart ca ein halv liter solbærgele til 
slutt. 


Den store solbærgeletesten. Etter å ha kokt den inn med sukker skal ein sjekke om den
er stiv nok ved å ta ei skei på eit kaldt fat, dra ei skei over og sjå at det ikkje
renn saman att. 

Ha ein god bærsommar vidare finfolk! 
#utogplukkmeddeg
#tidåhaustainn

4 kommentarer:

  1. Jeg innrømmer at jeg ikke er noe flink til å plukke bær. Samtidig er jeg ikke så glad i syltetøy sånn til hverdags heller, så det er ikke det at jeg kjøper i stedet heller. Har to gamle ripsbærbusker i hagen, men ingen av dem bærer bær (,") mer. Men nå har jeg rydda litt i hagen, kanskje det hadde vært lurt å plante noen hagebær der?

    SvarSlett
    Svar
    1. Er du ikkje glad i saft heller? Eller bær i bakst? Eg et egentleg ikkje så mykje syltetøy eg heller men det er alltid greit å ha i frysen til bakst eller vafler og slikt. Og så elskar eg å eksperimentere, men det kjem vel ikkje som noko sjokk ;-) Og ingenting er som å ta fram god ripssaft til søndagsmiddagen! Om du ikkje er så glad i å plukke bær så går det jo an å ha bærbuskar der ein berre plukkar i munnen også, det er bonden min veldig god på ;-)

      Slett
  2. Ble så inspirert av innlegget ditt at det blei brownie med bringebær. Bringebæra i hagen er egentlig best å putte i munnen og klemme i stykker med tunga, det er så digre stein i dem at det er vondt å tygge ;-))

    Elsker solbærmarmelade, men i år for fuglane med bæra mens me var i byhuset 8-/

    God helg

    SvarSlett
    Svar
    1. Sååå gøy at du vart inspirert!! Pønskar ut ny oppskrift med bær no ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!