tirsdag, juli 11, 2017

Hagebesøk: Kosters Trädgårdar



Dette hadde me gleda oss til. Kosters Trädgårdar, altså, Kosters hagar. 
Ein stor hage med både blomar, grønsaker, frukt og bær. Surdeigsbakeri,
restaurant/kafè. Butikk. Det meste som vert planta, eller odla som det heiter
på svensk, vert brukt til mat eller selt. Og det er stort sett berre vegetarmat. 
Interessant å gå rundt og sjå dei forskjellige beda. Som ein ser er det mykje
rabarbra, i halm. Det gjentok seg. Høge bed fora med halm vart mykje
brukt. 



Eller her, der dei nytta ull. Det er ikkje sikkert det er så mykje å hente i å levere
ull i frå seg, så det vert heller brukt i bed. Det vert eit godt og lunt dekke. 


Urtebed og ringblomstbed. 


Poteter, dill, asparges og mykje anna. Fremst er lauk.



Squash på gong. Og allereie store og fine plantar. Heime hos meg er dei
framleis små, til og med i drivhuset. 



Opphøga bed med vintersquash og graskar. Dei laga kompostbed der dei
samla alt av gamle vekstar i haugar som låg på dekke av papp/avis. Det laga 
ny jord og nytt bed til neste år. Heilt klart at eg skal ta med noko av dette til
min eigen vesle hage. 


Stort drivhus, vel, stort i hagemål, som romma både fiketre, druebuskar,
inneplanter som basilikum, chili og anna. Samt bord og stolar der ein kunne
sitje. Og kunstutstilling i tillegg. 


 Ute gjekk høns både i inngjerda område og fritt. Tok seg jordbad i næraste bed. 
Hagehunden Chio vandra også rundt og var (dessverre) ikkje så interessert i å 
helse på gjestar, men styrte på med dei ansatte og sin finaste ball.


Ein kunne også sjølvsagt kjøpe med seg heim både blomar og urter. 


Kafèen/restuaranten var enkel og hadde få rettar. I helgene var det
grønn tapas frå hagen og steinovnssteikt pizza. 


Surdeigsblings/macka med brie, rødbeter og anna godt. 
Og eigen nydeleg eplejuice. 


Nydeleg og mektig paprikasuppe med syrna fløyte. 
Og eit glas Surhallon attåt, ein lokal fermentert bringebærøl.
Litt for sur og sterk for oss, men kjekt å prøve. 


Ei nydeleg havtornkake med krem og sitronglasur og ferske jordbær. 
Denne kunne eg gjerne ha ete igjen ja!


Og ei surdeigsbolle med lett vaniljekrem og rips til dessert ved sjøen.
Heilt fantastisk. Surdeigsbrøda prøvde me også, og som ganske så 
erfarne surdeigsbakarar no så vart me ikkje imponert over dei. Dei var heilt
ok. Men denne bolla var bra den. 


Den vesle butikken der ein kunne kjøpe brøda deira, økologiske egg,
fersk kumjølk og diverse lokale ostar/smør/yoghurt. Og anna dei hadde
produsert som buljong, tomatsausar, saft, syltetøy og anna. 
Veldig inspirerande å sjå! Litt dyre prisar var det, i alle fall
til å vere Sverige, så det vart ikkje så veldig mange kjøp her. 
Men kjekt å sjå og ta med seg i tankane! 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!