tirsdag, juli 11, 2017

Loppislivet på Koster



Me hadde planlagt ein ferie utan loppis. Jau, eg og Marianne frå
Toten, svenskeloppisglade tjejer, hadde valt vekk loppis frå svensketuren vår.
Då kom det som ein stor bonus at det sjølvsagt var litt loppis her! 
To stykker vel å merke. Denne her, Vettnett Vintage popup-loppis og kafe,
som opna ein gong i veka langt ute på Nord-Koster. Herleg lett atmosfære.
Fine møblar og kjørel og teppe på bakken. Sal av svenske vafler (naaamm) med grädde
og sylt, eit glas hallonsaft og ein loppiskopp med krutsterk kaffi. 
Og fine svenske interiørblad til kikking. 



Og vintageklær, eller gode gamle brukte klær rett og slett. Valt ut pga
snitt og fargar og mønster og anna. Sortert etter fargar. Mykje kult og løye her, 
til tross for at det ikkje var så mange plagg. Unge som gamle prøvde på seg forskjellig
framfor speilet som hang skeivt ned frå eit tre. 


Skulle gjerne teke med meg denne koppen heim. Og teppet ikkje minst.



Eg fann meg ein kjole her, ein skikkeleg sommarkjole med knyting over
skuldrene. 


I grov bomull, nesten som lin, lett og kjøleg.


Og hovudloppisen då. Eg hadde lest ein stad at det kanskje kom til
å Vera ein loppis i løpet av sommaren. Arrangert av det lokale idrettslaget. 
Og eg tenkte då naivt ein dag i løpet av sommaren, men hallo, me er jo
i Sverige. Her er det loppis heile tida! Denne var i gymsalen, og var open
tysdag-onsdag-torsdag. Og tok imot varer heile tida. Fyrste inntrykk var det ikkje
noko særleg å finne her. Men det dukka opp ja!


Eg sikla etter desse träsmattene, altså gode gamle filleryer, nyvevde. Litt
for dyre for meg dessverre. Den grøne der skulle fått blitt med meg heim altså!


Så det vart fyrst og fremst dette her som vart mitt scoop. Ein herleg skrikande gammal
kjole. Eg trudde heilt klart den ikkje skulle passe, den såg så liten ut, og eg har lagt
litt på meg. Men den satt som eit skot! 100kr! Eg har jo vore ein dedikert kjolesamlar
i mi tid, i mine tjueår for å vere nøyaktig. Eg leita etter gamle kjolar i  innland og 
utland. Og hengte dei opp på eit eige klesstativ som fulgte meg frå hybel til hybel. 
 Og eg trudde denne tida var over i livet mitt. 
Men no, i ein alder av trettifire og eit halvt, vakna den til att. Desse kjolane er jo 
unike. Og ofte mykje meir fargerike enn kva du får tak i dagens butikkar. For oss
som er fargeglade. Ikkje så svettevennleg dette stoffet då, men det får så vere. 
Skjorta var sommarleg og herleg og var eit nyare merke, Zara visst. 
Tallerknane var juletallrikar från Gustavsberg og eg har den eine frå før. Nydelege
blåtonar. Og ein umåla Dalahest du. Og nokre fine dukar til gamlahuset. 


Siste turen ga desse her. Og eit sjarmerande bilete. Også til gamlahuset. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!