torsdag, juli 13, 2017

Nytt familiemedlem



Me aukar opp familien her på Sæterbø! Tidlegare i sommar kom kattungen
Frøken og no er det hunden Mille som har fått seg ny heim. 
Mille kjem frå Haugesund, er tre år gammal og er av rasen
dansk-svensk gardshund. Ho er faktisk mindre enn Busten, no er han 
ikkje lengre minsten, men ho har mykje meir fart i seg enn han. 


Prøvde oss på litt jogging nedover vegen her i går og Mille var fyrst,
deretter meg, så kom Busteren, som nok er litt tjukkas for tida. 


For nokre veker sidan så var Mille på besøk med eigaren sin, og me hadde
ein veldig fin dag. Og Mille gjekk veldig greit overens med både hundar og kattar 
her. Så det var ein grei sjekk på om dette ville gå bra. 


Men jommen er det ein del dyr å bli kjend med på garden her. 
Grisane er jo av det eksotiske slaget. Det var nok både spennande
og skummelt på ein gong. 


Eg har lenge tenkt tanken på å få ein hund til. Men har ikkje teke
det store steget. Men eg veit at livet er sårbart og me veit ikkje kor
lenge Busteren vil vere her, han er jo faktisk ni år no. Og livet
er jo faktisk her og no, livet her på Sæterbø er stabilt og fint. 
Og dyr er det som gir meg mest ro og glede. Så då hoppa eg i det,
og angrar ikkje! Har allereie byrja å bli veldig glad i denne jenta
her og det ser eg guten i huset også er. Og ho har overraskande fort
blitt trygg på oss. 


2 kommentarer:

  1. Så godt for henne å komma til en ny heim. Det går overraskende godt å ta over voksne hunder. Hu får ein god heim og masse aktivitet og spenning hos deg, og godt at hu går overens med de andre. Lykke til og gleder meg til masse fine bilder og historier her på bloggen fremover. God sommer

    SvarSlett
  2. Syns dette går strålande til no ja! Var mykje meir uvant med Busten, men då var jo eg åleine og ikkje særleg vant med hund heller. Men ho her er reine "flokkpassaren" og trives med det! :-)God sommar til deg også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!