tirsdag, juli 11, 2017

Svenska sommarstugor




Eg lot meg inspirere og tok ein del bilete av fine og forskjellige
svenske hus. Dei fleste er nok sommarhus, eller sommarstugor. 
Som regel lyse og fine, med fine inngangsparti eller glasverandaer.


Skjønne portar, fine hageroser, lekre syrinhekkar. 



Raude roser og raude rips. 



Her er eit sommarhus med ein serdeles vakker hage! Myyykje valmuer, min favoritt!


Grøne knutar, karmar på dørar og vindauge heiter nemleg knutar. 


Eit meir moderne nordisk hus. Også sin sjarm. Sjølv om eg likar
dei eldste husa best. 


 Nydelege utskjeringar i karmane (knutane). 






Dette nederste huset sykla me forbi kvar dag. Det var eit større murhus, kanskje
litt for stort, men med rosebusk langs med fronten og alltid leikande ungar og
måltid servert ute i hagen var det veldig god og sommarleg energi her. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!