mandag, august 28, 2017

Steike saftig blåbærkake!


Det er tida for blåbær! Og kvart eit bær som er modent ute 
fortener sitt gode bakverk. Denne kaka baka eg til ei bursdags-
feiring i helga, noko for dei vaksne når dei yngre nok sprang
 rett til browniesfatet. Og kaka var nok eit lite prosjekt, ein 
prøver seg fram og ser kva det vert til. Og den vart skikkeleg 
saftig og skikkeleg blå, og både frisk og søt på ein gong. 
Og her kjem oppskrifta! 

Saftig og blå blåbærkake!

300 g romstemperert smør
3 dl sukker
3 store romstempererte egg
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker 
2,5 dl sikta spelt/kveite
2-3 dl blåbær (ferske/frosne)
1 dl rømme
1 eggeplomme
1 ss sukker
1,5 dl kremfløyte
blåbær/pasjonsfrukt/perlesukker til pynt

Set ovnen på 175 grader. 
Visp smør og sukker kvitt. Tilsett eitt egg om gongen og
bland det godt inn. Tilsett så det tørre. Ha så i det tørre og 
bland til du får ei jevn røre. Ha røra over ei kakeform, enten
ei rund form, ei brødform eller ei lita firkanta form som eg nytta. 
Legg over blåbær slik at dei ligg jevnt utover. 
Bland saman rømme og eggeplomme og sukker og dekk lett
over blåbæra. Steik i ovnen i ca 50 minuttar, eller til den består
trepinnetesten (stikk ein trepinne ned i kaka og om den kjem ut rein
eller med små smular så er kaka klar.
La den kjøle seg skikkeleg ned.
Så er det det kjekke, for eg snur nemleg kaka opp ned! 
Og smører vispa krem oppå og pyntar med nokre blåbær
og frø av pasjonsfrukt. 


lørdag, august 26, 2017

Surdeigsvafler


Eg har lagt ut bilete på frukostsurdeigsvafler på instagram nokre gonger
og også fått spørsmål om oppskrift. Som regel lagar eg alltid vafler på
slump, men denne gongen tok eg og målte opp og skreiv ned. 
Og dei vart veldig bra! Grove, men smakar ikkje grovt, ikkje søte
men heller ikkje altfor sure. Så har du lyst til å prøve deg på dette
og har kanskje akkurat starta med surdeigsverda, så her kjem oppskrifta!
Hugs at du må lage noko av deigen dagen før slik at surdeigen kan jobbe 
godt med deigen. Men det tek lite tid og er sunt og godt for kvar ein mage!

Surdeigsvafler med havre

100 g små havregryn
100 g sikta spelt eller kveite
250 g surmjølk eller mjølk
70 g aktiv surdeig

Bland dette saman kvelden før og dekk til med kjøkenhandkle/plast. 

3 egg
3 ss sukker
6-8 ss smelta smør
1 klype salt
0,5 dl mjølk

Bland dette inn i røra til den er glatt og fin. Er røra litt laus syns du, 
dette er jo gjerne litt smak og behag, så tilsett litt meir mjøl.



Heimom til røtene


Mille har vore hos oss i over ein månad no. Og hin dagen fekk
ho endeleg kome heim til Eskeland. 
Ho vart guida rundt av Busteren og fekk sjå både
haugane, saugene, gamlahuset, stølen og utsikta, ikkje minst.



Alltid like merksam og glad.


Busteren finn alltid ro her. 



Sauge altså! Busteren er ikkje så veldig interessert i dei, men
Mille er det gitt, og er fint nødt til å vere i band her. 


Og inne i stova. Skittent og fint her, eg har ikkje vore her noko
i sommar. Men me fekk lufta og ordna litt, lagt litt på sofaen og
kost oss med nokre tyggebein. 

torsdag, august 24, 2017

Enda meir grisespam


No har dei vore ute i grisehagen i to heile månader! Større har dei vorte
og enda kjekkare også. Likar å grave og/eller sove på dagen, særleg i regn,
då er det best å henge under tak. Dei elskar ny halm levert rett på senga. 
Og når matmor kjem på besøk med kjeledressen og støvlane som det er så
godt å bite på. Kanskje nokon får til å hoppe opp på ryggen min også, det
er jo reine bonusen. Og ho matmor prøver alltid å klø på hals og ryggar og 
romper og nokon likar det og nokon aaaaabsolutt ikkje. 


Skjønnheita/skjønnheten vart som spådd favoritten. Kjem alltid bort og
helsar og vil ha litt kos. Lagar litt godlydar og står der litt, kanskje
prøver ho seg på eit hopp på ryggen eller så vandrar ho vidare, og kjem
så attende litt seinare. 


Nysgjerrige vesen dette her!


In da hood! Kul fotomodell her! Brune kule strømper på. 


Og det må alltid til med eit rompebilete i sol! 
Reine kunsten dette!


Hår er populært, gjerne også nyvaska hår. Knasande godt mellom
skitne grisetenner. 


Det er godklemmen sin det. Matmor og linselus. 


Gjer meg ingenting å bli skitten. Storkosar meg med Skjønneheten. 


Grisar i solskinn...



Vil du værra som oss så må du gjørra som oss....!!


Kos og klems helsar grisegjengen for denne gongen! 

Magnus til låns


Vælkømmi til gards til Magnus! Ei spenstig and, eller andrikk, den mannlege
varianten. Eg kan tøyse og sei at me fann han på andeMatch.com og at han er glad
i turar i skog og mark og gitarspell og heimebrygga øl, men sannheita er at me har fått
han til låns frå ein annan gard her på Fitjar. Han hadde berre ei dame og ho ville
så absolutt ikkje ha han og difor stakk ho av og lot han vere att med ein gjeng gjess. 
Mine ender skulle gjerne hatt seg nokre kavalerar, nærare bestemt ein stykk kavaler.
Dei har lagt på egg nesten heile sommar og skjønar nok ikkje at det er null niks
babyar i desse egga. Og det hadde vore veldig kjekt om dei kunne fått det!
 Litt seint i sesongen kanskje, men me prøver! 


Han blei frakta heim i ei banankasse og sett øve i andehagen. 
Og vart overraskande møtt gledeleg av dei andre. 
Han har vore reine gentlemannen, har ikkje prøvd seg på noko 
tull men har brukt litt tid på å bli kjend. 


Og dette er nok den utvalde, den namnlause anda. Eg trur me får kalle
ho Magnhild for det passar jo så godt med Magnus! Og til ære for bestemor!
Viktig å ha gode namn på desse dyra. 


Lett flørt og blikjentskap på gong. 


Desse endene inkludert Magnus skal ho halde seg i andehagen, men dei 
tek seg nokre vandreturar rundt om allikevel. Og her er paret ute
på vift i går og viser seg offentleg som eit par. Men dei sjølv
svarer at dei berre er venner med håp om noko meir. 

Reknar med Se og hør dukkar opp etter dette blogginnlegget. 



søndag, august 20, 2017

Seinsommartur



Eit bær i handa er betre enn ti på taket! 
Me kom oss endeleg vekk på ein liten miniferie
no i helga. Sommaren har vore annleis, me har vore på 
kvar vår ferie, eg har vore sjuk og bonden har vore travel. 
Og det er noko godt med å kome seg vekk frå si eiga stove,
ha ei helg utan TV og lite nettbruk. Me hadde nok ikkje vêret
på vår side, men kven har no det om dagen? I alle fall tok me
sjansen på å plukke blåbær. På Rullestad var det ingenting, der
fann me mykje for to år sidan. Oppe på Seljestad fann me litt
bær langs vegen men gjekk me bittelitt opp i skråninga byrja
det å kome meir og meir kart. Så litt for tidleg ute, men det
vart no 2-3 liter med blåbær, krekling og litt kart sjølvsagt.


Bonden fekk for seg å bitta Busteren og Mille i saman. 
Hans teori er at Busteren kan jo stikke av, men ikkje med
Mille rundt, ho stikk jo aldri av. Og ho ville dra han med.
So stemte det. På vegen gjekk det greit men når me gjekk i
litt terreng var Mille rask og fekk jommen meg fart i Busteren.
Han er tjukk og grei og treng absolutt trimmen. Så sjølv
om det vart roleg gåing for oss tobeinte så fekk dei sprunge
litt i lyng og myr. 


 Alltid i nærleiken av oss altså. Og vips så sette dei seg fast. 
Dei heldt seg med oss heile tida når me plukka bær. 
Busteren likar ikkje bærplukking, han kjedar seg, men
han slappar av med det etterkvart. Mille er ei lita tålmodig
sjel som vil vere der det skjer, og likar godt både blåbær og 
bringebær. 



Eg finn meg alltid nokre vener til fjells. 
Ein kontaktsøkande saug med eit svært
lamb som har ete godt gjennom sommaren. 



Haustlege fargar byrjar også å kome. Mykje molteblad på
myra, men ikkje eit bær å sjå. Me har pleidd å gå eit godt stykke
innover for å finne molte, men det vart ikkje denne gongen. 
Og så var det faktisk kaldt og surt til å vere ein tredjedel inn i
den siste sommarmånaden.


Etter middag og ein kvil kjende eg rastløysa prikke i kroppen. 
Me hadde tidlegare observert ein del bringebær og dei visste
eg at eg måtte berre plukke. Det viste seg at det var meir enn eg
trudde, nokre bærbuskar langs ein veg som nok har fått godt
med gjødsel på seg og fått vakse seg frodige. Fullt oppkledd
i ull og fleece og regnkler, og med podcast med både Sommar i P2
og Yoga Girl så storkosa eg meg med min favoritt innan sommarsysler. 


Våt og god, etter å ha overlevd to timar sitjande inni buskar og
plukke. Og sjå fangsten! Trur det må vere over tre liter, ganske store
og fine villbringebær. Bonden måtte hente meg på kveldinga og då
var eg ganske så sliten gitt, men når det gjeld plukking kan eg putle
på ganske lenge i trangen til å berre ville plukke meir. Og eg måtte
gå frå mykje meir bær som eg håpar nokon andre vil forbarme seg over! 
I dag har me køyrd gjennom Hardanger og berre kjøpt oss av naturens
goder; epler, pærer, plommer og moreller. Og det er ganske så fint det
også. Ein ny fin sesong me går i møtes no! 

onsdag, august 16, 2017

Gulrotgraspesto


Her kjem ein gøyal ting. For då eg var på Dyrskun for to år sidan var Han Sylte 
invitert som gjester i utsalget og dei hadde reist heilt i frå Valnesfjord som ligg aust
for Bodø. Og dei hadde spesialisert seg på gulrotmarmelade og for å bruke heile
gulrota så laga dei også gulrotgraspesto! Den var heilt nydeleg og eg kjøpte med meg
eit glas. Dessverre kom dei ikkje att til Dyrskun i fjor og eg kom tomhendt heim. 
Men etter det hadde eg bestemt meg for å prøve å lage dette sjølv. Og i går drog
eg opp to store gulerøtter og heiv graset i ein food prossessor, tilsatte
ei neve med valnøtter (gode i pesto dei), ein liten skalk parmesan og nokre terningar
med kvit geitost (salatost), litt salt, litt honning og olivenolje. Ingen 
reine mål på ingrediensar her i garden nei, men ynskjer du å prøve dette
så smak deg berre fram! Kvitlauk hadde eg gjerne også hatt litt oppi hadde
eg hatt det tilgjengeleg. Og ein liten sitronskvis. 


Det vart grønsaker og dip her til kvelds i går. Ein skikkeleg grøn (og gul) tallerken.
Er ikkje alltid så sunn her i garden altså, men av og til slår me til!


Stolt hobbygrønsaksbonde med dagens skörd, eg likar det svenske ordet
der. Agurken låg litt gøymd og eg vart skikkeleg glad for å komme over den. 
Gulerøttene var eg vel litt uheldig med i år då eg tok litt vel for meg då eg
skulle renske ugras, men heldigvis vert det noko gulerøtter av det! 
Tomatene er det ikkje plenty av, det er nok grunna at eg ikkje har vore flink
nok til å knipe av snikarane og at eg ikkje har alltid kome på å riste litt
i plantene (pollinere). Men er obs no! Hovudet har ikkje vore heilt på plass
i sommar, får skylde på det! Men sukkerertene derimot! Steike meg så store
og flotte! Og gode! 
Og ja, det er august, eg vandrar rundt i ullstillongs ;-)

søndag, august 13, 2017

Naturens under



Når slike små kjem til verda. 
Me mista mange kyllingar i fjor. Og planen
var å bygge eit nytt hønsehus fritt for rotter. Men verken
tid eller energi har rukke til det. Så no har i alle fall eg
og guten i huset bygd eit enkelt kyllingbur oppe på 
veggen i hønsehuset, av ei liggande tom kommode med
hønsenetting rundt, slik at ingen rotter kjem til. 
Og i går klekka egga som to klokser har lagt på i 
nokre veker. Av sju egg kom det seks kyllingar, det
siste egget var rote og har sikkert ikkje fått nok varme heile
vegen. Og så er det desse islandskyllingane då, små kunstverk
i seg sjølv! Fint "sminka" med eyeliner langs med augo. Og alle
er heilt forskjellige. 


Og så eit lite badebilete til slutt. For i dag oppdaga eg heilt tilfeldig
at den eine kloksemora hadde noko rart i ansiktet. Det viste seg å 
vere masse små egg. Frå lus/midd. Då vart det rett i grønsåpebad og
litt forvirra og kald som ho vart så måtte det til med eit opphald på
varmekablar på badet. Ho låg fyrst stille ei stund og så farta ho litt
rundt og daude lus/midd låg rundt om kring. No får me berre krysse
fingrane for at eg har teke knekken på dei men det er også ofte ein
grunn til at midd/lus set seg slik, då er høna kanskje ikkje heilt i form. 
Dette er den finaste høna me har så eg håpar det går bra!

søndag, august 06, 2017

Aldri ein sommar utan bærmuffins!


Sjølv om kreativiteten generelt har vore fråverande i sommar
så har den så vidt surra seg litt innanfor matfeltet. Ååå så glad eg
er for det! Eg lev og åndar for kreativiteten min og opplev både glede
og meistring av mine små prosjekt. Gull verdt! Ute er det bringebær
og eg prøver å få plukka litt annakvar dag. Hin dagen fekk eg plukka
både rips og bringebær langs med turruta mi, jau, eg veit om ein ripsbusk
som står forvilla ein stad, og eg seier ikkje kor den er ;-) Og ei korg jordbær
(frå austlandet) kom eg over på den lokale Sparen her. 
Denne muffinsen har både raude bær, malte mandlar som gir littegrann 
tyggemotstand og bitar av kvit sjokolade i seg. Så både søtt og syrleg.

Årets bærmuffins 2017

3 egg romtempererte
2, 5 dl sukker
1 dl malte mandlar
4 dl sikta kveite eller spelt
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
200 g smør
3-4 dl bær 
50 g kvit sjokolade

Visp saman egg og sukker til luftig eggedosis. Smelt smør
og la det kjøle seg litt ned. Vend inn malte mandlar, mjøl,
bakepulver og vaniljesukker samt litt og litt smør om gongen.
Vend forsiktig inn både bær og sjokoladebitar. Eg nytta rips, bringebær
og jordbær i bitar. Men både solbær og blåbær vil passe i denne 
oppskrifta. Fyll små muffinsformer og steik på 200 grader i ca 12-15
minutt til dei er lett gyldne. Kjøl lett ned og nyt ein lunken muffins
til eit kaldt glas mjølk! 



Bringebærland



Fyrste turen til Eskeland på lenge, det var ei gravferd som 
fekk meg "over fjellet" og eg måtte ta ein liten tur oppom
og sjå. Sidan eg ikkje har fått vore her i sommar så håpar
eg på nokre fine stunder her i haust når formen forhåpentlegvis
er på veg opp att! 


Førre gong eg var her så sette me opp gjerde rundt inngongen
slik at saugene ikkje skulle ha fest her. Men gjerdet har nok dei
tulla til og det har blitt fjerna. Og rein skitfest har dei hatt rett
utanfor fininngongen til og med! Sånn kan det gå å ha eit hus
midt på ein gard og ikkje kunne sjå til huset så ofte. Eg stressar 
ikkje med det og skjemst heller ikkje, sånn er gardslivet! Det vil 
no bli reint og fint att skal du sjå!


Ein tur oppom soverommet for å sleppe inn litt luft og sjå utover, den finaste
utsikta. 


Og hagen, den var heilt fylt av bringebær! Det vaks fram nokre buskar i forfjor
og eg hadde ikkje hjarte til å fjerne dei. Snilt ugras det spør du meg. I fjor
sommar kom det nokre fine bær på dei, men i år, då møtte dei meg
med svære bringebær til den store overraskelse! Trur kanskje nokre fuglar har
spredd med seg nokre bringebærfrø frå tamme bær på Førland kanskje?
I tilfelle, tusen takk Guro og fuglane!


Dei var akkurat plukkeklare og det var berre å finne fram eit litermål
som altfor snart vart fullt. Og så var det å plukke oppi ei blomepotte. 



Så kom regnet og eg måtte reise avgårde. Bæra var for fine til å syltast og saftast
og vart fryst ned heile til kva no matprosjekt dei vil bli nytta til. 



Så i år vert Eskeland omdøypt til Bringebærland, om så midlertidig. 

Råsaft av rabarbra


 Her planta me om nokre røter med rabarbra i eit traktordekk i vår. 
Og dei har fått gjødsel og vatn og luft og kjærleik men har brukt tid
på å vekse seg til. Me har difor berre plukka inn nokre stilkar om gongen
og det trur eg er ganske så lurt, for røtene har fortsatt å gi næring til
nye stilkar og nylig var den så frodig og flott att som aldri før. 



Eg plukka inn ein del Stilkar hin dagen, framleis står det
nokre att. Og sjølv om me har bikka august så er dei ikkje
trevlete, kanskje små parti på nokre av stilkane berre. 
Tidlegare år har eg plukka inn store mengder med rabarbrarestar
uti juli og kokt saft av dei. Den er god den, men eg vert kanskje
litt lei den, så no vart det råsaft i staden for. Og når eg då har fått
laga min eigen myntehage, vel eit kraftig myntebed har det blitt, etter
at eg har fått nokre røter frå Elisabeth  tilsendt i posten (!) og delt
opp to typar mynteplanter som eg kjøpte på hagesenteret i vår, gjødsla
og plukka inn toppskot og gitt luft og kjærleik der også så bugnar det
av mynte! Og den er det også kjekt å kunne bruke til noko! Så
her kjem ei herleg oppskrift av rabarbra, mynte, sitron og ingefær
og ikkje minst luft og kjærleik i ei herleg saft!

"Hilfigens myntehage"

Herleg råsaft av rabarbra og mynte

ca 10 gode stilkar av rabarbra
ein stor neve mynteblad
tre sitronar
valfri mengde rå ingefær
1,5 kg sukker
1,5 dl vatn

Ei ny eigenmekka oppskrift. Som eg lova å legge ut på bloggen om
den vart bra, og det vart den! Kok opp sukker og vatn og press
tre sitronar for saft og ha oppi. Lat det kjøle seg ned. Skjær rabarbraen
i tynne skiver og ha oppi ei stor skål eller panne. Skjær nokre tynne skiver
av ingefær, eg nytta to skiver men kunne hatt litt meir i. Berre pass på at
det ikkje vert for mykje for då vil smaken dominere heilt. Eg skjærte også
av skalet på sitronene mine då dei ikkje var økologiske. Og dryssa over
mynten. Helte over sukkerlaken og rørte nokre gongar. Sette så 
saftblandinga på kjøla der den sto i tre døgn mens eg stakk innom
og rørte rundt nokre gongar.



Silte så av safta og helte den over på flasker og glas, til
nedfrysing. 


Safta vart skikkeleg god med herleg smak av rabarbraen og mynte
og ein bitteliten sting av ingefær. God med både vanleg vatn og 
kolsyrevatn oppi, reine drinken vart det!