søndag, august 06, 2017

Aldri ein sommar utan bærmuffins!


Sjølv om kreativiteten generelt har vore fråverande i sommar
så har den så vidt surra seg litt innanfor matfeltet. Ååå så glad eg
er for det! Eg lev og åndar for kreativiteten min og opplev både glede
og meistring av mine små prosjekt. Gull verdt! Ute er det bringebær
og eg prøver å få plukka litt annakvar dag. Hin dagen fekk eg plukka
både rips og bringebær langs med turruta mi, jau, eg veit om ein ripsbusk
som står forvilla ein stad, og eg seier ikkje kor den er ;-) Og ei korg jordbær
(frå austlandet) kom eg over på den lokale Sparen her. 
Denne muffinsen har både raude bær, malte mandlar som gir littegrann 
tyggemotstand og bitar av kvit sjokolade i seg. Så både søtt og syrleg.

Årets bærmuffins 2017

3 egg romtempererte
2, 5 dl sukker
1 dl malte mandlar
4 dl sikta kveite eller spelt
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
200 g smør
3-4 dl bær 
50 g kvit sjokolade

Visp saman egg og sukker til luftig eggedosis. Smelt smør
og la det kjøle seg litt ned. Vend inn malte mandlar, mjøl,
bakepulver og vaniljesukker samt litt og litt smør om gongen.
Vend forsiktig inn både bær og sjokoladebitar. Eg nytta rips, bringebær
og jordbær i bitar. Men både solbær og blåbær vil passe i denne 
oppskrifta. Fyll små muffinsformer og steik på 200 grader i ca 12-15
minutt til dei er lett gyldne. Kjøl lett ned og nyt ein lunken muffins
til eit kaldt glas mjølk! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!