søndag, august 13, 2017

Naturens under



Når slike små kjem til verda. 
Me mista mange kyllingar i fjor. Og planen
var å bygge eit nytt hønsehus fritt for rotter. Men verken
tid eller energi har rukke til det. Så no har i alle fall eg
og guten i huset bygd eit enkelt kyllingbur oppe på 
veggen i hønsehuset, av ei liggande tom kommode med
hønsenetting rundt, slik at ingen rotter kjem til. 
Og i går klekka egga som to klokser har lagt på i 
nokre veker. Av sju egg kom det seks kyllingar, det
siste egget var rote og har sikkert ikkje fått nok varme heile
vegen. Og så er det desse islandskyllingane då, små kunstverk
i seg sjølv! Fint "sminka" med eyeliner langs med augo. Og alle
er heilt forskjellige. 


Og så eit lite badebilete til slutt. For i dag oppdaga eg heilt tilfeldig
at den eine kloksemora hadde noko rart i ansiktet. Det viste seg å 
vere masse små egg. Frå lus/midd. Då vart det rett i grønsåpebad og
litt forvirra og kald som ho vart så måtte det til med eit opphald på
varmekablar på badet. Ho låg fyrst stille ei stund og så farta ho litt
rundt og daude lus/midd låg rundt om kring. No får me berre krysse
fingrane for at eg har teke knekken på dei men det er også ofte ein
grunn til at midd/lus set seg slik, då er høna kanskje ikkje heilt i form. 
Dette er den finaste høna me har så eg håpar det går bra!

3 kommentarer:

  1. Håper dere berger både kyllingene og den fine høna.

    SvarSlett
  2. Så skjønne små 😍
    Så synd på høna som ikke er frisk, håper grønnsåpa hjalp

    SvarSlett
  3. Førebels går det bra med både kyllingar og høne! Hønemor får dessverre ikkje vere mor for kyllingane og har lagt seg som kloks att, heldigvis at me hadde to klokser på egg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!