søndag, august 06, 2017

Råsaft av rabarbra


 Her planta me om nokre røter med rabarbra i eit traktordekk i vår. 
Og dei har fått gjødsel og vatn og luft og kjærleik men har brukt tid
på å vekse seg til. Me har difor berre plukka inn nokre stilkar om gongen
og det trur eg er ganske så lurt, for røtene har fortsatt å gi næring til
nye stilkar og nylig var den så frodig og flott att som aldri før. 



Eg plukka inn ein del Stilkar hin dagen, framleis står det
nokre att. Og sjølv om me har bikka august så er dei ikkje
trevlete, kanskje små parti på nokre av stilkane berre. 
Tidlegare år har eg plukka inn store mengder med rabarbrarestar
uti juli og kokt saft av dei. Den er god den, men eg vert kanskje
litt lei den, så no vart det råsaft i staden for. Og når eg då har fått
laga min eigen myntehage, vel eit kraftig myntebed har det blitt, etter
at eg har fått nokre røter frå Elisabeth  tilsendt i posten (!) og delt
opp to typar mynteplanter som eg kjøpte på hagesenteret i vår, gjødsla
og plukka inn toppskot og gitt luft og kjærleik der også så bugnar det
av mynte! Og den er det også kjekt å kunne bruke til noko! Så
her kjem ei herleg oppskrift av rabarbra, mynte, sitron og ingefær
og ikkje minst luft og kjærleik i ei herleg saft!

"Hilfigens myntehage"

Herleg råsaft av rabarbra og mynte

ca 10 gode stilkar av rabarbra
ein stor neve mynteblad
tre sitronar
valfri mengde rå ingefær
1,5 kg sukker
1,5 dl vatn

Ei ny eigenmekka oppskrift. Som eg lova å legge ut på bloggen om
den vart bra, og det vart den! Kok opp sukker og vatn og press
tre sitronar for saft og ha oppi. Lat det kjøle seg ned. Skjær rabarbraen
i tynne skiver og ha oppi ei stor skål eller panne. Skjær nokre tynne skiver
av ingefær, eg nytta to skiver men kunne hatt litt meir i. Berre pass på at
det ikkje vert for mykje for då vil smaken dominere heilt. Eg skjærte også
av skalet på sitronene mine då dei ikkje var økologiske. Og dryssa over
mynten. Helte over sukkerlaken og rørte nokre gongar. Sette så 
saftblandinga på kjøla der den sto i tre døgn mens eg stakk innom
og rørte rundt nokre gongar.



Silte så av safta og helte den over på flasker og glas, til
nedfrysing. 


Safta vart skikkeleg god med herleg smak av rabarbraen og mynte
og ein bitteliten sting av ingefær. God med både vanleg vatn og 
kolsyrevatn oppi, reine drinken vart det! 





5 kommentarer:

  1. I fjor gikk alle mine rabarbrastilker til syltetøy, men i år har jeg fått helt dilla på rabarbragrøt og har frøset ned store deler av avlingen for å kunne ha til gode desserter hele året som kommer. Mmmm...

    SvarSlett
    Svar
    1. Så herleg!! Godt å kunne nyte heile året!!

      Slett
  2. Har lagra oppskrifta! Den MÅ prøves

    SvarSlett
  3. Og litt av en myntehage! Røttene eg tok med til Kleiva står dresserte i ei bøtte, eg ser at de vil ut, men eg tør ikkje sleppe di lause

    SvarSlett
    Svar
    1. Stakkars myntedamene dine! La dei få utfolde seg og bli lukkelege!! ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!